Sjølv om ramma rundt gudstenesta ikkje vert nett lik som for nokre år sidan, håpar soknerådet som arrangerer at flest mogleg kler seg i gamle klede eller gamalmodig klesdrakt denne dagen, og på den måten er med på å laga ei fin ramme rundt gudstenesta. Alle er sjølvsagt likevel velkomne «som dei er».

Holmedal gamle kyrkjegard ligg vakkert til i Kyrkjedalen i Holmedal på Utåker med panoramautsikt over Skåneviksfjorden. Ein reknar med at det i Hordaland vart bygd ca. 60 stavkyrkjer fram mot 1300-talet. Fyrste stavkyrkja vi kjenner i Holmedal er nemnd i ei jordbok på 1300-talet. Denne kyrkja vart ståande i fleire hundre år, til 1814 då ei enkel langkyrkje av lafta tømmer, utan tårn, vart bygd. Nyttårsdag i 1882 møtte folk til den siste gudstenesta i denne kyrkja. Det som kunne brukast av materialar frå kyrkja i Holmedal vart flytta og brukt til oppføring av noverande Holmedal kyrkje. Denne kyrkja vart vigsla den 22. november 1882.

Etter gudstenesta vert det matøkt med medbragt niste. Det vert òg høve til å studera ein modell som Elisabeth Nesøy for nokre år sidan laga av den første stavkyrkja som stod på den gamle kyrkjestaden. Modellen var ei gåve til Utåker Bygdalag.

– Vel møtt til friluftsgudsteneste på historisk grunn! Dersom det skulle verta svært dårleg vêr, vert gudstenesta flytta til kyrkja, skriv prestevikar i Husnes og Holmedal sokn, Åse Selsvold.