Natt til 17. mars 2015 blei Aksen-bygget i Husnes sentrum råka av ein stor vasslekkasje. Tenester som Nav og Vaksenopplæringa måtte flytta i mellombelse lokale.

Hausten 2016 vedtok eit fleirtal i kommunestyret – 21 mot 13 – å kjøpa Aksen-bygget for å rusta det opp. Så sagt, som gjort, og delen av bygget som blir kalla Aksen 1 blei oppgradert til det ugjenkjennelege. I 2020 kunne tenester som nettopp Nav flytta inn igjen.

Sidan den tid har kommunen sett på ulike løysingar for Aksen 2. Det har mellom anna blitt vurdert å bygga på ein tredje etasje på bygget for å få plass til alle tenestene som var planlagt å halda hus der.

Plassutfordring

Kvinnheringen tok kontakt med kommunen for å høyra kva status for Aksen 2 er, og fekk då vita at somme tenester alt har flytta inn, og at det nærmar seg for andre.

– Første del av andre etasje vart ferdigstilt i januar, og då flytta Rus og psykiatri inn. Andre del av andre etasje er straks ferdig, rett over påske, og då er det klart for Vaksenopplæringa. Vi har starta med 1. etasje i Aksen og det er planlagt at frivilligsentralen skal inn der, uttalar prosjektingeniør Svein Are Furdal i kommunen.

Kommunen har likevel ei utfordring når det kjem til Vaksenopplæringa. Lokala i Aksen 2 er nemleg allereie for små i forhold til talet flyktningar kommunen tar imot. Det kom mellom anna fram under ein presentasjon av dei ulike prosjekta som utval for plan, teknikk og miljø fekk i sist møte.

Furdal skriv til Kvinnheringen at når det gjeld plassutfordringane, så jobbar kommunen med saka.

For ordens skuld: Underteikna startar i jobb ved Vaksenopplæringa frå hausten av, men kjende ikkje til status for lokalet då denne saka blei til.