jakt kvinnherad
@Norrona

Jakt er «big business»

Av
Publisert

Det gode livet i KvinnheradI 17 år har Åkrafjorden Jakt vore med på å metta ein svolten jaktmarknad med hjortejakt over fleire område i Kvinnherad og i Etne. Jens Lindskog stiller opp til ein prat etter arbeid ein dag i januar.

Sjølv om det er mange månadar til jakta tek til, er det allereie full rulle med å organisera bestillingar, driva marknadsføring og gjera klart til nye hektiske månadar i fjellheimen.

– Sjølve verksemda går jo ganske automatisk no, men det er ein del å gjera året rundt, smiler Lindskog, som per i dag styrer drifta av verksemda åleine.

Jegerar frå både Noreg og kontinentet

Han har fire bruk tilgjengeleg som han eig, noko som tilsvarer om lag 6000 mål og 17 hjorteløyve. I tillegg leiger han løyve, og er oppe i rundt 130 løyve totalt på ein årleg basis. Desse løyva skal fordelast på jaktglade menneske frå alle verdas hjørne.

– Ein får besøk av mange ulike menneske. Flesteparten er norske eller nordiske, men det er ikkje alle som kjenner sine eigne fysiske grenser. Det kan like godt vera ein nordmann som ein danske som slit i fjella her, fortel han.

Vidare nemner han mange nasjonalitetar som har teke turen, frå fleire kontinent. Sjølv dreg han fram sine aller beste jaktminne frå Canada, der den storslåtte naturen og den endelause stilla sette stemninga.

Ein anar tidleg at dersom ein skal vera ein leiar i ei slik bedrift, der ymse folk med våpen er samla i ukjent natur, bør ein ha gode evner til kommunikasjon og til å lesa andre – både fysisk og psykisk. Jens verkar umiddelbart som ein jovial og omgjengeleg person. Smilande og lett å prata med. Som leiar av denne hjortejakt-turismen, er han til stades og tilgjengeleg kvar einaste dag av jakta, men medgir at han innimellom berre ønskjer å grava seg ned og vera for seg sjølv.

Eit serviceyrke

– Eg har folk her kvar einaste dag i løpet av jakta, og me er ute frå det lysnar til det vert mørkt. September er nok den mest slitsame månaden, då er det så lenge lyst! ler han.

– Kor mykje søvn får du i dei mest hektiske periodane? undrar eg.

Skal ein hanskast med våpen vil det jo truleg vera ein fordel å stilla utkvilt på morgonkvisten, i alle fall på eit minimumsnivå.

– På det travlaste vert det kanskje fem-seks timar søvn i døgeret. Ein må jo vera tilgjengeleg. Dette er eit serviceyrke! slår han fast.

I tillegg til å vera ute på jakt heile dagen, høyrer det også med å vera sosial på kveldane. Då sit gjerne gruppene rundt bålet og kosar seg. For ikkje å snakka om dei dagane ein skyt blink. Då går det fleire timar til slakt, anten ute i felten, eller i slakteriet Lindskog har på Fatland. Der er det sofa og rom for å tilbringa time etter time i sosialt –  og triumferande – lag. Ein naturleg samlingsplass.

God hjelp i kjentmenn og –  kvinner

– Me tek jo imot grupper på fire til ti personar. Kvar gruppe får ein skreddarsydd pakke etter deira ønskje, og alle gruppene får med seg sin eigen guide, eller kjentmann, som me kallar dei. Alle gruppene får ei «briefing» før dei legg i veg. Det er eit viktig ledd, mellom anna i førebygginga av ulukker. Me har veldig tydelege reglar for våpenbruk, det må me ha. Ein får ikkje ha våpena med seg inn i hyttene til dømes, fortel Lindskog.

Det seier seg sjølv at han ikkje har kapasitet til å stella med alle gruppene heilt på eiga hand, men han trur han held seg nær den potensielle kapasiteten han har i verksemda, med tanke på område og løyve totalt.

– Eg har sju-åtte kjentmenn tilgjengeleg no, mellom anna to ungdommar frå jaktlinja på Høgskulen i Evenstad. Dei er jo veldig interesserte i å jakta sjølv, så me byter tenester. Dei jobbar som guide for meg, så får dei jakta gratis som betaling når dei har fri. Det er ein vinn-vinn situasjon, fortel han blidt.

Som eit ledd i eiga avlasting i verksemda har han også knytt til seg nokre jaktinteresserte jenter, omtalt som jegerjentene, som mellom anna har fått merksemd på sosiale medium, med mange tusen følgjarar på Instagram. Han har knytt desse til seg gjennom felles interesser i jakt og friluftsliv. Deira rolle i sosiale medium blir ein marknadsførings-bonus som Åkrafjorden Jakt med glede tek med på kjøpet.

– Dei skal også vera med på messa i Lillestrøm i starten av april.

Åleine om norsk hjortejakt

Messa, Camp Villmark, går over tre dagar og har rundt 25.000 besøkjande kvart år. Åkrafjorden Jakt har delteke på denne i rundt 15 år, til no som einaste aktør innan hjortejakt-turisme i Noreg. Fleire aktørar tilbyr hjortejakt i andre land, mellom anna i Skottland, og fleire norske aktørar tilbyr jakt av andre dyr her til lands. Men den norske hjortejakta har dei vore åleine om på messa så langt. For ein jaktinteressert gründer er det veldig greitt å ha med seg eit team som kan hjelpa å marknadsføra verksemda på eit slikt arrangement.

– Det er jo mykje spennande å sjå der, så når eg har med meg fleire kan eg jo ta litt fri og kikka litt sjølv, smiler han nøgd.

Samarbeidet med andre som har gode rutinar, og ikkje minst mange følgjarar i sosiale medium, kan sjå ut til å ha gjort susen for verksemda. Bookinga for jaktsesongen 2018 er allereie veldig god, sjølv om jaktsesongen berre heilt nyleg vart avrunda.

Sjølv har Lindskog vore lidenskapeleg interessert i jakt sidan han hadde lov å handtera våpen, og han har gått på jakt sidan han var 16 år. Då Åkrafjorden Jakt vart etablert for 17 år sidan var det likevel mest tilfeldig.

– Det var ei gruppe folk frå Oslo som ville komma hit og jakta. Eg og Tor Kvandal hadde jakta mykje saman, og når det var folk som ville koma hit såg me at det kanskje kunne vera ein marknad for slike opplevingar.

Og det var det.

Kvinnherad-dress frå Norrøna

Før ein ny sesong rullar i gong skal bookinga gjennomførast, tilbodet skal marknadsførast, guidane skal få si opplæring, områda skal ryddast og postar merkast. Guidane må vita kor hjortetråkka går for å kunna gje den beste opplevinga til gruppene som kjem i haust. I løpet av ei veke i sommar møtest teamet for å gjera desse førebuingane. Det vert truleg litt ekstra blest rundt kvinnherad-jakta i den komande sesongen. Norrøna er nemleg ute med ein ny kolleksjon i mai, Kvinnherad-kolleksjonen, som frontar ein jaktdress som mellom andre Jens Lindskog har vore med og testa i løpet av dei siste åra, saman med eit knippe folk frå Norrøna. Kleda er tilpassa det karrige vestlandsterrenget og det like tverre vestlands-vêret. Norrøna-teamet har vore med på jakt i områda her og testa ut kolleksjonen i områda den er oppkalla etter. Av tekniske eigenskapar skal kleda vera både stille, vasstette og gi rom for god rørsle i steile fjellsider så vel som lange dalar –  typisk for terrenget i Kvinnherad. Kolleksjonen er sikta mot jakt, og har dermed tilpassa lommer for mellom anna ammunisjon, og snitt som er tilpassa jakt. Med kolleksjonen kjem også pressebilete, som viser den kvinnherske fjellheimen. Lindskog er spent på om det vil bidra til større etterspurnad etter jakt i området –  det vil truleg visa seg i løpet av det komande året.

– Me har testa utstyret i to år no, og eg kan absolutt gå god for dressen, avsluttar han.

Artikkeltags