Etter fire sesongar med galleri heime er Gøril Guddal overtydd om at valet var rett

Av
Publisert

Det var bildekunstnaren Kjell Nupen som kom på det. At løa i heimetunet kunne bli eit ypparleg galleri med ein porsjon investering.

– Sjå nærare på den løa di. Vi manglar gode galleri. Løa kan bli eit slikt, sa Nupen til Gøril i 2009, fortel galleristen.

På det tidspunktet hadde Gøril nettopp overteke garden i Guddalsdalen og var begynt å kjenna på presset med helst å vera til stades både heime og i galleriet på Skålakaien – samtidig.

Men ho vart verande på Skålakaien like til huset ho leigde der skulle rivast i 2013. Då var det slutt. Løe-ideen hadde i mellomtida modna og festa seg.

– Kjell Nupen hadde god tru på det. Etter kvart fekk eg det òg, seier ho.

Nupen er ingen kven-som-helst for Gøril. Fleire gonger var han på besøk i tunet, og i alt har han hatt tre utstillingar i galleriet hennar – den siste etter at han var død. Enka inviterte då Gøril til Kristiansand, der paret budde, for å plukka ut bilde saman med henne.

Gøril har berre godt å seia om Nupen og synest det er trist at han ikkje er lenger.

– Nupen var ein kompromisslaus kunstnar. Han laga det han trudde på – og fekk suksess med det. Som person var han raus mot andre kunstnarar og delte gjerne av kunnskapen sin. For eksempel gjekk Magne Furuholmen i lære hos han. Og mot meg som gallerist var han også raus. Han var oppteken av at vi begge skulle koma godt ut av samarbeidet – også økonomisk, rosar galleristen.

Start i Snikkeriet

Kunsteventyret til den utdanna bibliotekaren begynte i andre høgda i Snikkeriet før jul i 1993. Litt etter litt bygde ho seg opp. Etter fem år var ho klar for å flytta til eit meir eigna lokale på Skålakaien. På det tidspunktet hadde ho opparbeidd seg eit godt namn – som skulle bli endå større. Nettverket hennar i kunstverda var stadig i vekst og galleriet eit av dei viktige i regionen.

– Eg var nervøs for å flytta vekk frå Rosendal sentrum og langt opp i dalen. Ingen visste korleis det kom til å gå. Likevel tok eg sjansen, fortel ho.

Gøril Guddal i galleri-«kjellaren».

Gøril Guddal i galleri-«kjellaren».

800 på opningsdagen

I mai for snart fire år sidan kom den store dagen for opning av galleriet i løa på heimetunet. Då hadde galleriet vore heilt stengt i om lag eit år, og løa oppussa og oppgradert etter alle kunstens reglar, bokstavleg talt. Seks millionar kosta det. Og lekkert vart det.

– Det gjekk ved hjelp av støtte frå Innovasjon Norge, ein fin sponsoravtale, eigenkapital og lån. Men klart det var spennande, hugsar ho godt.

Opningsdagen pryda store og flotte maleri av sjølvaste Håkon Gullvåg dei kvite veggene i det nye galleriet.

– Korleis hadde du det i dagane før opninga i 2014?

Ho svingar seg rundt i kontorstolen med eit sukk, som var det i går.

– Eg var skikkeleg nervøs og kjempestressa. For kva om det ikkje kom eit einaste menneske?

Dagen kom. Vêret var fint. Norske flagg vaia på gardane ikring, og folk strøymde til frå alle kantar. Bilar parkerte overalt og rundt 800 menneske vart talde.

– Kan du tenkja deg? Det var heilt fantastisk! Skoret i gleda var at Kjell Nupen ikkje fekk det med seg. Han døydde i mars same året.

Heilårsjobb

Galleriet er stengt mellom jul og påske, men det betyr ikkje lang ferie for galleristen. Husa og galleriet skal haldast ved like, planar skal leggjast og kunstnarar bookast opptil tre år fram i tid.

– Faktisk er det noko å gjera kvar einaste dag, fortel Gøril.

Denne vinteren har eit nytt selskapslokale på låven tatt form, krona med ein staseleg gammal vedomn som har lege demontert ein stad på tunet i mange år.

– Heilt utruleg, men alle delane var der, seier Gøril stolt om sjølve smykket i den nye salen i høystålet.

Det er faren, Johannes Guddal, og sonen Sigurd, som har stått for ombygginga og innreiinga – og det med godt resultat. Dei to gjer også mykje anna på garden. Likeins mora, Kirsten Guddal. Dei lekre mjølkekakene hennar skulle etter kvart vera vidt kjende.

– Vi er eit team her. Utan hjelp frå familien hadde eg neppe klart meg, rosar godseigaren.

Gøril bruker òg vinteren til å reisa rundt til ulike galleri og besøkja kunstnarar på heimebane. Fast på vinterprogrammet står alltid Oslo, men det blir vanlegvis ein lengre tur i tillegg. Denne vinteren vart det Berlin, som med alle sine kunstmuseum og galleri er eit eldorado for kunstinteresserte.

– Eg elskar kunst, og eg treng inspirasjon, kommenterer galleristen som ustanseleg står på for å halda nivået på eige galleri oppe.

Energi

Vi spør galleristen om det er mogleg å setja ord på kva gleder kunsten gir.

– Å ha kunst rundt meg i kvardagen er heilt vesentleg. Energien i det nokon har jobba med å skapa vil eg gjerne vera nær. Eg blir meir og meir begeistra for ting som tar tid å laga, og eg gler meg over at dei tradisjonelle grafikkteknikkane no kjem for fullt, som for eksempel tresnitt, men også teikning. Å sjå utstillingar gir meg stadig større gleder – uavhengig av om det har noko med jobben å gjera eller ikkje. Berre det å sjå og vera i eit rom fullt av kunst er ei oppleving i seg sjølv, vedgår Gøril med sol i blikket.

– Og så er det med kunst som med så mangt anna, dess meir kunnskap ein får, dess meir interessert blir ein.

Attraksjon

At Gøril og familien har sans for det estetiske, merkar ein straks ein kjem inn på tunet øvst i Guddalsdalen. Til og med ein kald februardag er det vakkert. Husa fortel kvar si historie og ligg harmonisk til i høve til kvarandre og den flotte naturen tett på. Store tre står som monument frå den lange gardshistoria, alt er velstelt og atmosfæren god. Ikkje rart at Norsk Kulturarv har tildelt tunet den høgthengjande Olavsrosa. Sjølve galleriet er i kvilemodus fram til påskeutstillinga, som blir den første i jubileumsåret. Då blir det storstila opning med bilde av Bjarne Melgaard, Sverre Bjertnes og den sakna Kjell Nupen. Bilda frå sistnemnde kjem frå enka si private samling i Kristiansand. Det musikalske innslaget skal Strupebandet stå for. Gøril har i tillegg nettopp gjort avtale med smykkekunstnar Camilla Prytz, dermed vil også smykke bli ein del av den første utstillinga i år.

Seinare i sesongen kjem H.M. Dronning Sonja med heilt nye kunstverk. Det gjer òg Bodil Friele og fleire andre velrenommerte kunstnarar.

– Det er forresten Bodil Friele som har malt og lagt det fargerike vedaladet ute på bakken her, fortel Gøril ivrig.

På rette staden

Livet i Guddalstunet verkar lett og naturleg, men vi veit at det ligg mykje arbeid bak det vi andre kan gleda oss over å festa blikket på.

– Lever du eit godt liv her, Gøril?

Eit stort smil får tid til å breia seg i ansiktet hennar før ho svarer.

– Ja. Eg jobbar med det eg likar best og får brukt meg sjølv 100 prosent. I tillegg er eg heilt fri til å setja eigne idear ut i livet. Men eg må vera på hogget og tenkja nytt. Det er alltid noko som kan gjerast betre. Eg trur ingen andre jobbar ville ha passa meg betre, slår galleristen i det uvanleg godt besøkte galleriet fast.

Nupen fekk rett. Om galleriet er bra og plassen fin, finn folk fram uansett.


Artikkeltags