Jorun Larsen

Motorsykkelbyggjaren

Av
Publisert

Det gode livet i KvinnheradGps-koordinatane er lagde inn på kartet, og turen går til Varaldsøy. Mot Øyarhamn, og langt inn i skogen. Grusvegen er både snø- og iskledd

– Er du her?

– Ja, men eg trur kanskje eg er på feil stad.

– Det er bilen din som står parkert ved vegen?

– Ja.

– Då er du komen til riktig plass, men du har gått feil. Eg kjem og hentar deg.

Hastig, og ganske flau over eigne evner til kartlesing og sans for retning (eller mangel på slikt), trør eg oppover vegen igjen. Midt i det aude og snøkledde landskapet dukkar det plutseleg opp ein høg skapning ikledd ein mørkeblå, godt brukt kjeledress. Det må vera han. Den målretta 50-åringen som har nytta store delar av livet så langt på å realisera prosjektet sitt. Han med tilknyting til Varaldsøy på farssida, som kvar veke pendlar mellom Bergen og Varaldsøy fordi livsprosjektet hans tek form her. Beina hans er mest dobbelt så lange som mine.

Andpusten smiler eg fram eit hei, og langar over neven.

– John, smiler han, og intervjuet kan byrja.

Heilt åleine er han ikkje, hunden er med.

Heilt åleine er han ikkje, hunden er med. Foto:

Byggjer draumesykkelen

John Tangerås har fanga merksemd frå fleire journalistar, både nasjonalt og internasjonalt, med livsprosjektet sitt. No også lokalt, då det er kome under lupa til Kvinnheringen. Prosjektet er at han skal byggja draumemotorsykkelen, frå botnen. Ingeniøren lagar kvar einaste del sjølv, og har kome forbi det punktet der han har printa ut sykkelen i plast, slik at han har ei naturtru og fysisk utgåve av sykkelen. Dermed veit han at alle delane fungerer slik dei skal, og har gått i gang med «the real deal».

– Er det vanleg praksis å printa ut plastsyklar i 3D? spør eg.

– Ja, det byrjar å bli ganske vanleg. No veit eg korleis den blir. Den blir ikkje så stor, til dømes. Eller, den blir liten til meg, men det er ikkje fordi sykkelen er liten, det er fordi eg er så stor, korrigerer han.

På veg ned mot verkstaden fortel Tangerås om ein av situasjonane som har ført han hit – til nettopp desse spesifikke koordinatane.

– Då eg var 18 køyrte eg crossar ned denne vegen. Straks eg såg huset, tenkte eg: Her skal eg ha verkstad! Og slik vart det.

Huset var tidlegare nytta av folk som arbeidde i svovelkismalm-gruvene, som det vart gjort næring av her på slutten av 1800-talet. No er bygget kombinert bustad og prototypeverkstad.

– Eg må visa deg noko, seier John, og stegar over den tunge snøen, vidare bak lagerhallen som står vis à vis verkstaden.

Der opnar det seg eit svart hol. Gruva går nesten ein kilometer inn i fjellsida, og trugar med både  mørke og rasfare. Tidlegare nytta han gruva som lagerplass, men ikkje etter at berget har gitt opp kampen mot tyngdekrafta.

Då gruva var i drift var det ei dødsulukke der inne. Tre menneske omkom.

– Det er fleire som spør om eg ikkje er redd for at dei går igjen. Eg har aldri sett noko til dei, ikkje så langt iallfall, seier han.

Straks døra går opp, vert ein møtt med dufta av bakst. Det er kjøkenet ein entrar først. Tre brett med knekkebrød byter plass i omnen og på benken.

– Eg er på sånn lav-karbo, forklarar han, og legg til kva ingrediensar han nyttar i røra.

Arbeidsprosessen

Men det er ikkje knekkebrødoppkrift eg er her for. I rommet innanfor kjøkkenet tar hunden oss vel imot. Der står ein av dei viktigaste arbeidsreiskapane til ingeniøren i ein krok; datamaskina. Tangerås opnar programmet for å visa korleis han jobbar, og kva han arbeider med på dette punktet i prosessen. Han har lært av erfaring at det er viktig å gjera eit grundig arbeid med teikninga først, slik at ein unngår å sløsa bort tid og pengar på prøving og feiling. Skal resultatet bli ordentleg, må også utgangspunktet vera det.

– Her programmerer eg korleis ei blokk aluminium skal bli frest ut, fortel han, og viser fram ei teknisk teikning på skjermen.

Etter kvart som han hakar av ulike boksar i menyen, kjem det ulike fargar til syne, som kvar og ein symboliserer ulike nivå av utfresinga på modellen. Noko der omkring iallfall.

– Eg er ikkje heilt ferdig med programmeringa på denne delen enno, men her ser du korleis maskina jobbar med aluminiumen. Lag etter lag vert frest vekk.

John finn også fram bilete og animasjon av sykkelen som er printa ut i 3D. Animasjonen finst på YouTube, og har eit lydspor som er spesialdesigna til illustrasjonsfilmen. Slik er det å ha engasjerte og kreative vener rundt seg. Ein feit motorsykkel kjem til syne på skjermen. Som tidlegare nemnt er den ganske kompakt, og vert illustrert med ei kvinne på setet.

Ein ting om gongen

Frå datamaskina går turen til dei andre maskinene han har ståande, vidare innover i bygningen. Den delen av motoren han nettopp har vist fram, skin blankt frå ei av maskinene han har i parken sin. Maskina er heilautomatisk, CNC vert den kalla. Aluminiumsklumpen inni har teke god form, og er lett gjenkjenneleg frå teikninga på pc’en. John jobbar med ein komponent om gongen, no er det motoren han konsentrerer seg om.

– Det er rundt 200 komponentar til saman. Eg klarar kanskje ein komponent i veka, nokre tar lengre tid enn andre. Eg kjem til å bli ein gammal mann før eg er ferdig, skisserer han.

I tillegg til å byggja motorsykkel frå botn, jobbar han som konsulent, og er familiefar i Bergen. I skjønn logistikk med kjærasten sin arbeidsturnus, reiser han til verkstaden for å arbeida anna kvar helg, samt kvar torsdag og fredag. Med slik avmålt tid seier det seg sjølv at det går med nokre veker, eller tiår, til eit så omfattande prosjekt.

Gjennom halve livet har dei fleste vala hans dreidd seg om nettopp denne ideen med å byggja sin eigen motorsykkel. Det byrja med mekanisk skulegang og innkjøp av maskiner. Ei av dei andre maskinene i verkstaden, ein grøn, manuell dreiebenk, kjøpte han allereie då han oppdaga staden der han skulle byggja verkstad.

Slik vil motorsykkelen sjå ut når den er ferdig, ein vakker dag. Ein unik T900, 100% heimelaga.

Slik vil motorsykkelen sjå ut når den er ferdig, ein vakker dag. Ein unik T900, 100% heimelaga. Foto:

– Eg kjøpte denne då eg var 18 år, men hadde jo ikkje nokon stad å ha den. Så den vart ståande i hagen til foreldra mine i fleire år. Trur ikkje mor mi syntest det var særleg stas, fortel han entusiastisk.

På grunn av vêr og vind, bygde han eit skur av pallar rundt denne maskina, samt ei til som han fekk tak i, slik at dei ikkje skulle verta øydelagde. Det var ikkje før han kjøpte huset ved den nedlagte gruva han fekk den støtt veksande maskinparken sin under tak.

Med tanke på den ulendte traktorvegen ned mot verkstaden, verkar det som eit eige livsprosjekt å fylla bygningen med store maskiner, kvar på fleire tonn. Men Tangerås har fått det meste til på eiga hand.

– Eg har jo vore nøydd til å fjerna nokre veggar for å få dei inn. Og her me står var det kjøkken då eg kjøpte det, med tregolv og alt. Eg måtte jo fjerna det og mura nytt golv. Då vart det ulike høgder på golvet, så det som har vore mest utfordrande har vore å få maskinene opp på denne høgda, fortel han og peikar inn på avdelinga med den manuelle dreiebenken.

Det er eit trappetrinn i høgdeforskjell mellom dei to romma. Tre store opningar i veggane viser kor han har opna opp. Den eine opninga fungerer som ei stor dør ut mot traktorvegen.

Døropnar

Dette med at dører opnar seg vert vidare eit poeng. Mykje av konsulentoppdraga hans kjem fordi nokon har høyrt eller lese om kva han held på med. Så lenge ein jobbar med eit slikt livsverk, vil dører opna seg, trur Tangerås. (Og berget, hjarta og draumen vil opna seg).

– Når eg ein dag er ferdig med denne motorsykkelen, og har vore på nokre turar, vil eg nok starta på noko nytt. Det er ikkje den ferdige sykkelen som er det viktigaste. Kanskje eg får ein telefon frå Amerika, frå nokon som synest den er feit, og vil eg skal laga noko for dei. Kanskje kjem eg til å laga ein ny sykkel, eller kanskje eg lagar noko anna, funderer han, og held fram.

– Leonardo da Vinci bestemte seg jo ikkje for å bruka ei veke på eit maleri, utan samanlikning elles. Eg har ingen deadline. Det er sjølve prosessen som er heile greia.

Rundtom i verkstaden er mange ting og løysingar han har laga for å gjera produksjonen enklare. Ei kran i taket til tunge løft, mellom anna.

Her har Tangerås alt han treng. Det han ikkje har, lagar han sjølv eller kjøper billig på sider som eBay.

Her har Tangerås alt han treng. Det han ikkje har, lagar han sjølv eller kjøper billig på sider som eBay. Foto:

– Næraste nabo er jo statsministeren, når ho er her då. Om ho hadde kome på besøk, kunne eg ha løfta ho litt, spøker han.

Ei holete aluminiumsblokk ligg på golvet. Kva er den god for? undrar eg.

– Det er ei jigg-plate. Den måtte eg laga for å spara tid, innleiar John og greier ut om korleis den gjer livet og produksjonen lettare.

Gniten

Over alt i prototypeverkstaden står det benkar med verktøy og delar i stål og aluminium. Mange av delane har han kjøpt rimeleg på eBay, andre har han laga sjølv. Maskinene har han også kjøpt med list.

Ein av benkane i verkstaden blir bakgrunn for dette «byggjesettet».

Ein av benkane i verkstaden blir bakgrunn for dette «byggjesettet». Foto:

– Denne kjøpte eg av ei stor verksemd. Eg tilbydde dei ein sum, under halvparten av prisen dei ville ha, og venta nokre månadar. Dei kom til slutt med eit tilbod som var langt under den originale kjøpssummen.

John erkjenner at han er ein gniar. Nokre av verktøya han har liggande har han kjøpt feil, utan å kunna nytta seg av dei. Dei vert liggande blant alle dei andre delane og verktøya, for sjølv om han likar å handla desse tinga billeg på eBay og andre stader, er han ikkje like glad i å selja dei billig, og iallfall ikkje når ein må forholda seg til ting som frakt, toll og eventuelle kundeklagar når ein står som seljar. Det han sparar på å handla billig, tek han igjen på arbeidstimar og forsøk. Samanlagt blir den ferdige sykkelen ei ganske raus investering.

– Målet er vel å læra seg mest mogleg før ein døyr. Dersom ein del vert feil, veit eg at det ikkje er på grunn av maskina, men ein menneskeleg feil. Eg er jo ingeniør, ikkje maskinist, så når noko går gale kan eg berre skulda på meg sjølv. Det er ganske greitt.

Til borna sine fortel han eventyr om fantastiske og spanande maskiner; om forminskarar og tidsmaskiner. Og om kveldane, når han har sin siste runde i verkstaden, er kjensla god.

Praten glir etter kvart over i andre emne, om gitarspeling, livet og kunsten, og brått er det på tide å traska dei hundre metrane til bilen og køyra mot ferja. John og hunden slår følgje, og held fram nedover vegen, der eg for nokre timar sidan følgde fotspora deira, i god tru på at eg var på riktig veg til ein motorsykkeverkstad.

I bilen vert eg klar over at intervjuet i svært liten grad hadde dreidd seg om den unike motorsykkelen, men heller om mannen bak. Om John Tangerås sitt lidenskapelege forhold til prosessen han er i, og om kor målretta ein kan arbeida med ein sterk motorsykkeldraum frå tenåra som utgangspunkt.

Og det er i grunn heilt greitt.

Artikkeltags