«Det kan vere lurt å skilje kjensla av å vere redd frå den psykiske lidinga vi kallar angst»

Av
DEL

MEININGARKoronaviruset gjer mange av oss utrygge og engstelege. Dette er ein normal reaksjon når mange ting rundt oss brått vert endra. Vi lot oss påverke til å handle meir en vi trong torsdag 12.3, og vi er redde for at vi kan bli sjuke, og nokon er redde for å få økonomien øydelagt. Mange opplever og at kvardagen endrar seg ved at barnehagar, skular og arbeidsplassar vert stengde for ein periode, og vi blir usikre med tanke på jobb, økonomi og framtid. Då er det naturleg å bli uroleg, og kjenne seg redd og utrygg, men det kan vere lurt å skilje kjensla av å vere redd frå den psykiske lidinga vi kallar angst, både for vår eigen del, og i det vi formidlar til born og unge.

Angst og redsel er to ulike ting. Sjølv om dei kroppslege reaksjonane ved frykt og angst kan kjennast like ut, er angst først å fremst kroppen sitt forsøk på å verne seg mot noko vi trur kan vere farleg utan at vi heilt veit kva dette er, eller der reaksjonen vert overdriven i forhold til den verklege faren. Vi kan seie at angst er knytta til eit større behov for kontroll enn det dei fleste treng i same situasjon. Frykt er kroppen sin naturlege reaksjon på noko som er, eller kan vere, farleg. Vi kan gjerne seie at angst er eit forsøk på å unngå å kjenne vonde kjenslene, medan frykt er ein direkte reaksjon på noko som verkar trugande.

Når vi no kjenner at vi er redde for koronasmitte og alle tiltaka som vert sett i verk, er det derfor ikkje angst vi kjenner, men frykt knytt til noko som kan vere farleg. Så snart koronasituasjonen endrar seg og vi kjenner oss trygge på arbeid og økonomi igjen kan vi legge bort denne frykta og prøve å komme oss tilbake til eit normalt liv. Då er det viktig at vi ikkje “tek vare på” frykta som ein angst for å verne oss mot negative kjensler, men heller at vi vågar kjenne etter korleis vi faktisk har det, og prøve å leve med det.

Vi er ganske ulike når vi møter farar. Nokon oppsøkjer det, og synes det gir eit ekstra «kick» at noko skapar litt frykt i oss. Andre vil helst sleppe å kjenne slike kjensler. Noko vi kan gjere for å redusere fryktkjensla er å samle korrekt informasjon, og bruke den. Når vi les overskrifter og høyrer nokon snakke om utfordringane vi står ovanfor, er det vårt val kva kjelder vi meiner er sanne.

Vi er og ulike når det gjeld å «dyrke» frykta. Det er naturleg at situasjonen vi er i gjev grunnlag for mange samtalar, men dersom desse berre handlar om fare og risiko bidreg det til å auke vår oppfatning av fare ut over det god informasjon fortel oss at det er grunn for. Livet handlar framleis om mykje meir enn korona, og det vil vere klokt å leve i tråd med det.

Ikkje minst når vi snakkar med borna våre er det viktig at vi er ryddige på kva som er angst og kva som er frykt. No skal vi anerkjenne frykta mange av dei kjenner for alt dei høyrer om. Vi skal unngå å overdramatisere, men vi skal samtidig ikkje bagatellisere. Barnehagar og skular er stengde, mange foreldre er heime meir enn vanleg, nokon har arbeidsplassen sin heime, og mange vaksne snakkar om noko barn lett oppfattar som farleg. Då er god og alderstilpassa informasjon viktig. Vi kan snakke om virus som noko vi kjenner frå forkjøling og andre sjukdomar. Ganske mange barn vil vite noko om korleis sjukdomar kan smitte, og vi kan bruke det til å snakke om handvask og kontakt med andre.

Sturla Helland

Psykolog

Artikkeltags