Gå til sidens hovedinnhold

Det norske samfunnet blir gjenopna laurdag klokka 16, kunngjer regjeringa

Laurdag 25. september blir det ein meir normal kvardag i Norge når samfunnet gjenopnar omtrent for fullt.

(NPK-NTB): Det kunngjorde statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse om koronasituasjonen fredag.

Både Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har tilrådd regjeringa å gå vidare i gjenopningsplanen sin i månadsskiftet september/oktober. Regjeringa følgjer deira tilråding.

Tidlegare har regjeringa sagt at i «ein normal kvardag med auka beredskap» blir mellom anna meterkravet avvikla, restriksjonar knytt til arrangement og samankomstar oppheva, og at innsleppsstopp og krav om bordplassering på serveringsstader forsvinn.

Vidare har regjeringa varsla at dei vil fjerne regelen som hindrar utlendingar å komme til Noreg.

Samtidig vil det framleis vere krav om at ein skal isolere seg viss ein har covid-19, og trafikklysmodellen er utgangspunkt når det gjeld smittevern i skular og barnehagar.

Les også

På søndag blir det kåring av prima verlam i Rosendal

Kommentarer til denne saken