Onsdag 12. september vert filmen «Thank you for the rain» vist i Omvikdalen ungdomshus, Dalheim. Grethe Brundtland i bygdekvinnelaget skriv dette i ei pressemelding om arrangementet:

«Gjennom den prisløna filmen «Thank you for the rain» vil Omvikdalen Bygdekvinnelag invitere til refleksjon om klimautfordringar. I filmen får vi følgje Kisilu Musya, ein kenyansk småbonde som kjempar ein dagleg kamp mot klimaendringane. For seks år sidan starta Kisilu å filme sin eigen familie og landsby og korleis klimaendringane har verknad for deira liv. Når Kisilu sitt hus vert øydelagt i storm, starta den sjølvlærde filmskaparen ei lokal rørsle med bønder og kalla til kamp mot ekstremvêret, ein kamp som fører han både til Oslo og til FN sine klimaforhandlingar i Paris. Til lengre ut i den storpolitiske verda han kjem, til meir motstand møter han.

Filmen viser uretten ved klimaendringane, ved at dei som vert ramma hardast av konsekvensane, er dei som har bidrege minst til å skapa dei. Småskalabønder i fattige land er direkte avhengige av naturressursane for å overleve, og dei manglar ofte ressursar og kapasitet til å tilpasse seg endringane som skjer. Samstundes er det viktig ikkje å omtale menneska som passive offer, men som handlekraftige aktørar som evner å ta val og å ta ansvar for sine eigne liv. Filmen ønskjer å vise det menneskelege perspektivet ved klimaendringane og med det gje auka forståing og nærleik til desse endringane, samt å engasjere til handling. Filmen tar opp fleire spørsmål, som klimarettferd, urbanisering, likestilling, utdanning, organisering og internasjonal politikk. Samstundes er filmen eit sterkt portrett av ein familie og ein kjærleiksfull far. «Thank you for the rain» er ei varm, inspirerande og rivande historie om håp frå klimaendringane sine frontliner. Arrangementet er ope for alle».