Rorbukveldar på Husnes i haust

LEIAR: Arne Torget er god på å få folk til å le, og er den som skal leia rorbukveldane på Pizzabakeren. Her frå eit humorshow på 5460 i 2015. (Arkivfoto).

LEIAR: Arne Torget er god på å få folk til å le, og er den som skal leia rorbukveldane på Pizzabakeren. Her frå eit humorshow på 5460 i 2015. (Arkivfoto). Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL


Denne hausten drar Showbase og Pizzabakeren i gang «rorbukveldar» på Husnes.

– Vi byrjar med tre kveldar i oktober, november og desember. Kveldane blir leia av Arne Torget, som får med seg gode forteljarar i panelet, helsar Arve Rødland i Showbase i ei pressemelding.

Pizzabakeren held til i tidlegare Jonas Bar på Husnes Hotell, eit kjekt lokale som skal komma til heider og verdighet igjen som kulturscene.

Første kvelden blir fredag 12. oktober, med Harald Fredheim og Svein Nordal som har gledd oss i årevis med gode innslag i Søralrevyen og i andre samanhengar med gode vokalnummer og parodiar.

– Vi gler oss til å komme i gang, og ser fram til kjekke kveldar i haustmørket, avsluttar Rødland i pressemeldinga.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken