Fredag kveld 5. oktober kjem Sturla Berg-Johansen tilbake til Husnes for å halda standupshow på Peppes, heiter det i ei pressemelding.
Dei fleste kjenner den morosame karen igjen frå hans mangeårige karriere på tv, teater og ikkje minst frå standupscena. Han har hatt show på Husnes tidlegare òg. Soloshowet hans, #Denfølelsen hadde premiere i 2017, og hausta gode kritikkar over heile landet. No reiser han på ny turné hausten 2018, og materialet han har med seg til Husnes er ei blanding av nye vitsar og gode gamle klassikarar.