Vil du slutta å snusa eller røyka?

(Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix).

(Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix).

Av
DEL

Lesarbrev

Førstkommande onsdag blir ungdom invitert til ein temakveld om snus og røyk på Kvinnherad Ungdomssenter.

Oktober blir også kalla «Stoppober» – ei 28 dagars masseoppmoding frå Helsedirektoratet om å slutta med røyk og snus. I Kvinnherad lagar SLT-koordinator, Utekontakten, Frisklivskoordinator, tannpleiar og ungdomslos sin eigen vri, nemleg ein temakveld om snus og røyk onsdag kveld i Kvinnherad Ungdomsenter sine lokale. Det kjem fram i ei pressemelding frå arrangørane.

Målet med temakvelden er å bidra til meir kunnskap om røyk og snus, motivera ungdommar til ikkje å begynna med snus og tobakk, samt å motivera dei som allereie røyker eller snusar til å slutta.

– Her vil me saman snakka litt om kva røyk og snus er, og kva det gjer med kroppen vår. Kva skjer når ein legg snus under leppa? Kva er verst av snus og røyk? Har du lyst å slutta, men ikkje veit korleis du skal gjera det? Har du ikkje lyst å slutta, men likevel vil vita meir om røyk og snus? Kanskje verken røyker eller snusar du, men vil høyra meir om temaet likevel? Du treng heller ikkje ha nokon grunn, det er berre å ta turen, oppmodar arrangørane.

Temakvelden er open for alle frå 8. klasse og opp til 18 år.

– Me håpar at mange kjem og at ein oppmuntrar andre til å ta turen på temakvelden, avsluttar arrangørane pressemeldinga.

Artikkeltags