Slik er november-programmet i Galleri G Guddal

BOKPRESENTASJON: Førstkommande søndag blir denne boka presentert av forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth i Guddal, som òg er eit klyngetun.

BOKPRESENTASJON: Førstkommande søndag blir denne boka presentert av forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth i Guddal, som òg er eit klyngetun.

Denne månaden kan du leggja turen innom Galleri G Guddal for ulikt kulturelt påfyll i tillegg til kunsten.

DEL


Førstkommande søndag, 11. november, blir det bokpresentasjon ved Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth som har laga boka «Klyngetunet – Den norske landsbyen». Trudde du nordmenn alltid har budd på kvar si tue? Då må du tru om igjen. Det fanst på tusenvis av landsbyliknande klyngetun i Norge. Dette landsbylivet gjekk tapt då bygda blei modernisert i siste halvdel av 1800-talet, og bonden tok steget inn i pengesamfunnet. Gamle fellesskap vart splitta og bygdelandskapet totalt endra. Kva gjekk tapt, og kvifor vart nokre fellestun ståande att? Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har leita opp femti klyngetun frå Agder til Troms, og presenterer dei i boka Klyngetunet – Den norske landsbyen. Kom og opplev historia om klyngetunet – oppe på låven i klyngetunet i Guddal! skriv Gøril Guddal i pressemeldinga.


Tekstar av Jon Fosse

Søndag 18. november kan du høyra tekstar av Jon Fosse frå Strandebarm, som erobra verda med sine nedstrippa tekstar – kvar setning lada med innhald. Arnhild Litleré er også frå Strandebarm. Ho har same dialekt, omtrent same alder, og har omtrent hatt same skulegong som Jon Fosse. Ho skal lesa Fosse sine tekstar i Galleri G Guddal, og betre framføring av desse tekstane får ein ikkje! Litleré er skodespelar med eit omfattande og breitt repertoar. For tida er ho å sjå på NRK i komiserien «Side om Side» som svigermor Britt. Men det er poesien som står hennar hjarte nær, og ho har i mange år arbeidd med tekstane til Jon Fosse og mange andre forfattarar. Det blir også saksofonspel av Arvid Aasprang.


Motekveld

Torsdag kveld 29. november tar Kristin Tufta som driv Instinkt Mote i Rosendal med seg klesdesignaren bak merket «Katrin Uri» til Guddal. Det blir visning av haustkolleksjonen med lokale mannekengar, og det blir ein skikkeleg festkveld på låven i Guddal med mote og servering av mat og drikke, heiter det i pressemeldinga.

Merkevara «Katrin Uri» blei oppretta av Mette Katrine Kaldhussæter og lansert i 1991. No blir kleda presenterte i butikkar over heile Noreg. Kaldhussæter er eit fyrverkeri av ei dame, som designar trendy klede av god kvalitet. «Katrin Uri» er beskrive som merket for kvinna som set pris på moderne mote og tidlaus stil. Folka bak designen jobbar etter å oppnå ein balanse av høg kvalitet og stilige fargar, og blandar feminine og maskuline detaljar med skreddarsydd passform og perfekte proporsjonar i kvart plagg.

DESIGNAR: Torsdag 29. november blir det motekveld på Galleri G Guddal, der klesdesignar Mette Katrine Kaldhussæter (bildet) viser fram klede frå merket sitt «Katrin Uri». (Pressefoto).

DESIGNAR: Torsdag 29. november blir det motekveld på Galleri G Guddal, der klesdesignar Mette Katrine Kaldhussæter (bildet) viser fram klede frå merket sitt «Katrin Uri». (Pressefoto).



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags