Lyden av naturen i Hardanger

PÅ VEG HIT: Laurdag speler «Gymnos» på Husnes Jazzklubb sitt arrangement i Kulturhuset Husnes. Frå venstre: Bjarne Øymyr (piano), Alex Grieg (kontrabass), Nils Are Drønen (trommer) og Torbjørn Skjold (sax).pressefoto.

PÅ VEG HIT: Laurdag speler «Gymnos» på Husnes Jazzklubb sitt arrangement i Kulturhuset Husnes. Frå venstre: Bjarne Øymyr (piano), Alex Grieg (kontrabass), Nils Are Drønen (trommer) og Torbjørn Skjold (sax).pressefoto.

Bandet «Gymnos» med Bjarne Øymyr speler i Husnes Jazzklubb laurdag.

DEL

Førstkomande laurdag er jazzklubben igjen på banen med nytt arrangement i Kulturhuset Husnes. Denne gongen har det lykkast klubben å få hit det bergensbaserte bandet «Gymnos», der kvinnheringen Bjarne Øymyr speler piano.

Slik ser pressemeldinga ut:

««Gymnos» er et relativt nytt bergensbasert band, men består av røynde musikarar som har spelt saman i ulike band og prosjekt gjennom eit par tiår. Musikarane har mange plateproduksjonar og rik frilansverksemd bak seg. I bandet finn vi Torbjørn Skjold på sax, kvinnheringen Bjarne Øymyr på piano, Alexander Grieg på kontrabass og Nils Arne Drønen på trommer».

Bandet skal på miniturné i helga. Fredag spelar «Gymnos» på Lydia musikkforum i Norheimsund, og laurdag i Husnes jazzklubb.

– Eg synest det er ekstra kjekt å få spela med dette bandet på heimebane i Husnes jazzklubb, seier Bjarne Øymyr, som er busett i Rosendal.

– Vi har jobba mykje med dette prosjektet, og det er ein heilskap i repertoaret som gjer at det er ekstra kjekt å presentera det, legg han til.

Hardanger-naturen

«Gymnos» framfører i hovedsak komposisjonar av sin eigen Torbjørn Skjold og nokre kjende folketonar i spesialarrangement. Fellesnemnaren til all musikken er at han er blitt til i Hardanger, nærmare bestemt i Strandebarm, der Skjold har skrive mykje av musikken på hytta. Mange vil nok kunne ana noko av Hardanger-naturen når dei lyttar til «Gymnos».

Lyttarvenleg musikk

Repertoaret kan beskrivast som ei form for eigenarta nordisk, akustisk musikk, med tydeleg forankring i jazz. Det er sterk vekt på det melodiske, som blir støtta opp av lag på lag med klangar.

– Om musikken er kompleks er han likevel yttarst lyttarvenleg, og vil nok også appellera til mange som ikkje normalt går i jazzklubbar, seier Øymyr.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags