Julekonsert med Vidar Johnsen

KONSERT: Fredag 14. desember kan du høyra Vidar Johnsen syngja sine julefavorittar i Kvinnherad kyrkje. (Pressefoto).

KONSERT: Fredag 14. desember kan du høyra Vidar Johnsen syngja sine julefavorittar i Kvinnherad kyrkje. (Pressefoto).

Av

Fredag 14. desember blir det julekonsert med Vidar Johnsen i Kvinnherad kyrkje i Rosendal.

DEL


Vidar Johnsen er kjent både som soloartist og som vokalist i Haugesunds-gruppa Vamp i perioden 1999 til 2007. Dessutan er han kjent for samarbeidet med Peter Nordberg og deira felles utgiving «Ord og ögonblick», som dei blei Spellemannsnominerte for i klassen «beste popgruppe». I Vamp bidrog Johnsen blant anna med musikken til radiohiten og livefavoritten «Fuglane vett» på Vamp-albumet Månemannen, som kom ut i 2002.

I fjor gjorde artisten sin andre juleturné nokonsinne, og konserten «Him te jul» blei varmt motteken av det norske folk. No er Johnsen tilbake med sine varme og inderlege tolkingar av sine julefavorittar.

– Ein varm og lun julekonsert litt utanom det vanlege, lovar han i pressemeldinga når han no legg ut på juleturneen «Him te jul».


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags