Sommarblues med Hungry-en og lokale musikarar

Av
DEL

ROSENDAL: Tordag var han i aksjon under Kaijazzen på Sæbøvik, fredag kan du høyra Hungry John (John Magnar Bernes) med band på Snikkeriet i Rosendal. Med i sommarblues-opplegget er eit knippe lokale musikarar som er tilknytta musikkmiljøet i og rundt Snikkeriet.

– Det blir jamming og sommarblues med lokale musikarar, lovar Eli Kvalvågnes, som sjølv er ein av dei. I tillegg blir gitarist Oddgeir Røssland med.

– Han er tidlegare norgesmeister i country, men denne gongen blir det altså blues, slår Kvalvågnes fast og drar ei strofe av «I put a spell on you» på telefonen.

Andre lokale musikarar publikum får høyra er Gina Aspenes (vokal), nevøen til Kvalvågnes; Bjørn Åge Spurkeland (trommer) og Atle Fredheim (vokal/gitar).

Hungry John er det mange blues-elskarar som kjenner godt til. Bergensaren har via livet sitt til bluesen heilt sidan midten av 60-talet, og har reist land og strand rundt, ikkje minst i perioden som frontfigur for legendariske Bergen Blues Band. Kallenamnet fekk han då han svalt som gatemusikant i London tidleg på 70-talet. Vel heime igjen starta han nemnde Bergen Blues Band i 1975. Han deltok òg på innspelingar i Chicago saman med eit stjernelag der Knut Reiersrud var ein av medmusikantane.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags