– Med Justad og Vassendgutane tilbyr me to svært populære artistar i vårt storkonsertformat. Sidan dette er to nokså ulike arrangement, håpar me å nå breitt ut til Kvinnheradpublikumet, fortel konsertansvarleg Oddbjørn Kloster.

Hjartenært

Sondre Justad frå Lofoten bør etter kvart vera kjent for dei fleste. Norge sin nye pop-yndling som syng låtar på dialekt, sleppte debutalbumet sitt «Riv i hjertet» i 2015, og er blitt ein av landets mest spelte norskspråklege artistar. Fem av singlane på det første albumet selde til gull, og éin til platina. I mars i år kom andrealbumet «Ingenting i paradis». Platemeldarane rosa Justad for å gi meir på denne plata, og at han i spennet mellom nære, ærlege balladar og energiske hits har teke modigare val. Også i tekstane utfordrar han eigne rammer og torer meir. Laurdag 27. oktober kjem han altså for å spela konsert i Festsalen i Kulturhuset Husnes.

Vassendgutane

Vassendgutane frå Ørsta kallar musikken sin for «fest-country», og har gjort stor suksess som konsertband rundt omkring i Norge med sin uhøgtidelege og humoristiske vri på countrymusikken. Laurdag 24. november blir det garantert god stemning i Festsalen igjen.

– Vassendgutane elskar Kvinnherad, og Kvinnherad elskar Vassendgutane registrerer me, fortel Kloster i 5460 LIVE om kvifor ein har booka dette bandet til Husnes.

– Innanfor kvar sin sjanger er både Vassendgutane og Sondre Justad av mange rekna som spydspissar i norsk livemusikk-samanheng. Vi gler oss og håpar på fulle hus, legg Kloster til.