Tenorane er tilbake

Tenorane: Frå venstre: Aasmund Kaldestad, Henrik Hundsnes, David Fielder og Steffen Horn. Pressefoto

Tenorane: Frå venstre: Aasmund Kaldestad, Henrik Hundsnes, David Fielder og Steffen Horn. Pressefoto

Av
DEL

På ny kjem tenorene med showkonsert til Baroniet Rosendal, laurdag 21. juli. Konserten er siste stopp før dei inntar Chat Noir, skriv songfuglane i ei pressemelding.

For dei som ikkje kjenner konseptet, forklarar pressemeldinga det heile på denne måten: Tenorane er tre klassisk skulerte songarar som leikar seg gjennom ulike musikalske sjangrar med sjarm, humor og alvor. Med seg har dei den prisvinnande pianisten Steffen Horn. Tenorene er Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad (med røter på Kaldestad, red. anm.) og David Fielder, som kanskje er eit nytt ansikt for dei fleste. Han er frå Järna i Sverige, men bur i Oslo, Han er utdanna ved University of North Texas i Denton, Griegkademiet i Bergen og Operahøgskolen i Oslo. Han har gjort over 50 roller innen musikal, operette og opera, på svensk, norsk, nynorsk, tysk, italiensk og engelsk. For tida syng David over det ganske land, i ulike konstellasjonar. Og i tillegg til å undervise i song på Musikkteaterhøyskolen, produserer han også opera med Femte Rad Produksjoner SA og er nestleiar i Norsk Operasangerforbund.

Neapolitanske svisker, svenske klassiske perler, songar av Beatles, operettar, operaariar og ei spesiell helsing til Jussi Björling. Det meste framført på klingande nynorsk!

Gruppa vart starta i 2011 og har jobba systematisk med å gjere kjende klassikarar om til norsk. Dei har mellom anna gjeve ut Danny boy, som har blitt til «Min kjære gut» i Per Olav Kaldestad i gjendikting. Med seg på laget har dei òg forfattarane Ragnar Hovland og Arnt Birkedal.

Showet er regissert og koreografert av Tomas Glans, og manus ved Andreas Birger Johansen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags