Carmen av Bizet er ein av verdas mest spelte operaer, og i denne kammerversjonen, spesiallaga for Bergen Nasjonale Opera, fortel dei to venninnene til Carmen, Frasquita og Mercedes, historia på norsk, medan alle dei kjende ariane er på originalspråket fransk. Her får du det beste av det beste, alle dei kjende, heftige melodiane.

– Kjærleiken er ein vill fugl, som ingen kan temja, syng sigøynarkvinna Carmen på gata i Sevilla, og får blodet til å brusa lagnadstungt hos sersjanten Don José.

Dramaet om den fridomselskande Carmen byr på intrigar, heftig kjærleik og glødande ariar – og sjølvsagt er den tapre toreadoren Escamillo også med.

Gle deg til ein «sydande» kveld saman med Carmen, heiter det i pressemeldinga frå kulturhuset.