«Å gjera gull av gråstein» i senioruniversitetet

VIL FORTELJA: Eva Røyrane skal halda føredrag om stein og steinbygging i senioruniversitetet torsdag 14. februar. (Pressefoto).

VIL FORTELJA: Eva Røyrane skal halda føredrag om stein og steinbygging i senioruniversitetet torsdag 14. februar. (Pressefoto).

Av

Torsdag 14. februar kjem Eva Røyrane til Rosendal Samfunnshus og Kvinnherad Senioruniversitet for å snakka om stein og steinbygging.

DEL


Det melder senioruniversitetet i ei pressemelding. Røyrane vaks opp i Ølve i Kvinnherad, har vore journalist i Bergens Tidende og har òg jobba i NRK. I dag er ho tilsett ved Universitetet i Bergen. Ho har vore fleire gonger i Kvinnherad, sist i Galleri Guddal med presentasjon av boka «Klyngetunet – Den norske landsbyen» som ho laga saman med fotograf Oddleiv Apneseth. Eva Røyrane er òg forfattar av bøkene «Norges Låver» og «Fabrikkbyane i Hardanger».

I boka «Av stein» dokumenterer forfattar Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth vakre byggverk og tunge tak, og Røyrane kjem til Kvinnherad Senioruniversitet for å fortelja om arbeidet med denne boka. Føredraget hennar gjer oss kjende med steingarden, bakkemuren, steinløa, gardfloren, torvhuset og – ikkje minst kjøleskåpet utan stikkontakt – jordkjellaren. Gråsteinen var gull verd i bonden sitt landskap. Steinen var spadd opp av jorda, henta i ura eller sprengd ut or fjellet, og det vart reist milevis av steingardar, vakre veganlegg, små og store steinhus. I dag står dei gamle murane og fortel historie – om levemåten den gongen då stein var ein av få ressursar mange bønder hadde rikeleg av. Boka viser at dugande handverkarar fekk reist mange murar sjølv om steinen var alt anna enn samarbeidsvillig.

Det blir som vanleg servering etter føredraget, og siste post på programmet er årsmøte i senioruniversitetet.


Artikkeltags