Laurdag 15. september blir det dansegalla i samfunnshuset i Rosendal.
I fjor arrangerte Rosendal Turnlag dansegalla i samfunnshuset med stor suksess, og prøver å gjera det same i år. Dansegallaen blir arrangert same helg som det er skutefestival i Rosendal.
Det er danseorkesteret AristoCats som er hyra inn til å stå for musikken. Dette er ei tradisjonsrik gruppe som vart starta av tre karar frå Stora så tidleg som i 1973. Musikksjangeren var ein stad mellom country og pop. Sidan då har gruppa halde på, men nye medlemmer er komne til, og i dag er dei seks personar i gruppa. Dei speler låtar frå 50- til 90-talet.
– Vi speler musikk som pirrar dansefoten, heiter det i ei pressemelding.
AristoCats-medlemmene er:
Inge Glesnes (keyboard, trekkspel, vokal)
Torstein Hjelle (bass)
Jonas Mo (gitarar, munnspel, vokal)
Thor-Inge Stokke (trommer)
Siv Berge (vokal)
Roy Voreland (vokal)