Den norske blueslegenda John Magnar Bernes, best kjend som Hungry John, blir å høyra igjen på Snikkeriet laurdag 11. august med band. Hungry-en starta legendariske Bergen Bluesband i 1975, og seinare har han halde det gåande i bluesens teneste. I 1984 starta han bandet Hungry John and The Blue Shadows, tydeleg inspierert av rockete Texas-blues. Hungry-en har spelt konsertar med mange amerikanske blues-stjerner, og han har òg hatt oppvarmingsjobbar for B.B. King, John Mayall, Buddy Guy, Junior Wells med fleire, ifølgje ei pressemelding. Hungry John er blues tvers gjennom.