Inviterer til strikkedugnad og StrikkPåDalen

INVITERER TIL DUGNAD: Frå venstre: Mette Brakstad Saghaug, Marianne Hovda Gausvik og Bente Haugen. – Det er ikkje rart vi smiler, seier Marianne. Dette er det kjekkaste vi veit!

INVITERER TIL DUGNAD: Frå venstre: Mette Brakstad Saghaug, Marianne Hovda Gausvik og Bente Haugen. – Det er ikkje rart vi smiler, seier Marianne. Dette er det kjekkaste vi veit!

Artikkelen er over 1 år gammel

Bygdekvinnelaget i Omvikdalen skal gjenta suksessen med StrikkPåDalen, og fram til februar varmar dei opp strikkepinnane med strikkedugnad. Dei vil gjerne ha deg med!

DEL


Denne hausten ynskjer medlemmer i laget å ha fokus på medmenneskelege relasjonar, og går derfor no i gang med å laga slumretepper som skal brukast av dei som bur på Rosendalstunet. Marianne Hovda Gausvik, Bente Haugen og Mette Brakstad Saghaug er tre av sju kvinner i Bygdekvinnelaget som verkeleg brenn for strikking og som har gått i gang med ulike strikkearrangement i regi av laget. Dei fortel at å laga slumretepper blir eit dugnadsarbeid, og dei inviterer alle som vil til å bli med. For at slumreteppa skal bli fine, er det viktig at lappane blir heilt like. Og for at lappane skal bli heilt like, blir mal, garn og oppskrift å få kjøpt ved Rosenform. Det er eigne fargar og type garn som skal nyttast.


Strikkekorger

For å vera med på dugnaden kan du anten strikka for deg sjølv, eller gjera det saman med andre. Strikking kan vera sosialt. For at flest mogeleg skal bli med på dette, set dei fram korger med garn og strikkepinnar både i Fristelser i Skålagata og på venterommet hos tannlegane Keilen og Hjelmeland i Rosendal. Tanken er at dei som har lyst kan strikka ei rute eller to og så leggja det tilbake i korga. Slike korger skal etter kvart setjast ut også andre stader i kommunen.

– Vi har snakka om å dukka opp på dei merkelegaste stader, smiler Bente løyndomsfullt.


Strikkekafé 27. september

– Kva med dei som ikkje kan strikka? spør vi forsiktig.

­– Dei kan komma på strikkekaféen vår, kjem det kontant frå Marianne. Dette blir den første strikkekaféen i Dalheim i haust. Mette fortel at her kjem folk både for å læra og ha det kjekt saman, og at dei som ynskjer det kan få hjelp med korrigering her.

–Der er det masse kompetanse og mange flinke folk, smiler Marianne. Ho har lydlaust tatt fram strikketøyet sitt medan ho fortel, og starta å strikka vidare på ein lapp til nettopp dugnaden.

– På strikkekaféen er det alltid nokon som kan hjelpa deg, og der vil det også komma god informasjon om dugnaden, seier ho utan å sjå ned på pinnane.


StrikkPåDalen

I februar vert det for andre gong StrikkPåDalen, og temaet skal denne gongen vera gjenbruk og miljø. Førre StrikkPåDalen vart ein brakande suksess, og ein utvidar derfor arrangementet denne gongen til heile to dagar. No blir det både éin kveld og éin dag med ulike aktivitetar og føredrag. Målet er å ha lappane frå dugnaden klare etter StrikkPåDalen. Så skal lappane samlast og monterast og bli til fine slumretepper til Rosendalstunet. Før den tid skal det leggjast opp, strikkast og fellast av. Kanskje du finn ei strikkekorg ein stad nær deg?

Artikkeltags