Har du høyrt om unge Jan Ketil Smørdal som spente opp eit tau mellom utedoen og epletreet på familiegarden heime på Nordfjordeid? Draumen blei verkeleg då han starta Cirkus Agora i 1989. No er han og Cirkus Agora tilbake, og skal ha framsyning i Uskedalen 9. september, kjem det fram av ei pressemelding.

Sirkusdirektør Smørdal har sett saman eit program som består av artistar han har valt frå øvste hylle. Med seg har han artistar i verdsklasse, grasiøse luftnummer, morosame klovnar og halsbrekkande akrobatikk!

Frå Spania har han med seg temposjongløren Tony Garcia. Han har imponert titusenvis av menneske i nokre av dei største og mest anerkjente cirkusa i Europa. Sandra, som er kjent som «luftens prinsesse» frå NRK sitt program «bli med heim», får du sjå der ho svingar seg i ei lysekrone høgt opp under cirkusteltet. For fotsjongløren Irena blir verda snudd på hovudet. Ho bruker nemleg beina i staden for hendene til å sjonglera! Hennar tekniske utføring er det truleg ingen andre i verda som overgår innan denne spennande og krevjande disiplinen. Eit cirkus må sjølvsagt ha ein klovn, men hos Agora har dei tre: klovnane Rivelinos er klare for å trimma lattermusklane til store og små i Agora-teltet. Og direktøren sjølv? Han er som alltid klar for å ønskja publikum hjarteleg velkommen til Cirkus Agora, og i år som alle andre år har han overraskingar på lur. Det skal vera cirkusfest frå begynnelse til slutt!