Gå til sidens hovedinnhold

Det tredje dåpsbarnet i den same dåpskjolen på Skorpo

Den årlege friluftsgudstenesta på Skorpo samla mykje folk søndag. Dåpsbarnet var Håkon Bielert Johansen, som vart boren til dåpen i den same dåpskjolen som har vore nytta to gonger før på Skorpo, både då Nils Rainer og Nikolai Strûter Vågen vart døypte i si tid.

Det er Uskedalen.no som skriv om den koselege dåpen.

Dåpskjolen er sydd av Åse Skorpen, dotter til Brynjulf Skorpen. Foreldra til dåpsbarnet Håkon er Melanie og Anders Bielert Johansen. Bestemor til Anders er Margit Lindeflaten. Anders har feriert på Skorpo i alle år, og i fjor kjøpte dei småbruk i Langevåg på nordsida. Familien er no busett i Asker.

Med syskenparet Annbjørg og Ole Kristoffer Vågen som vertsskap er det alltid like gildt å få koma til gards i Vågen på Skorpo. Ole Kristoffer var skysskar, og Annbjørg var klokkar og stod for all mat og servering. Uskedal sokneråd hjelpte til.

Sokneprest Carsten Mrusek fekk bruka morsmålet sitt denne dagen. Det vart gjort fordi nokre av gjestene i dåpsfølget kom frå Tyskland. Bøn ved døypefonten og teksten Livet i dåpen vart lesen både på norsk og på tysk. Trass i at vêrmeldinga var noko usikker, var det god tilstrøyming av folk, særleg av feriegjester i hytter og hus. Faste gjester på gudstenesta var ekteparet Hannuschka frå Dortmund, som har feriert i Uskedalen sidan 1980-talet.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og gode kaker.

Kommentarer til denne saken