Som kjent er Salmon Eye namnet på oppdrettsselskapet Eide Fjordbruk sitt visningsanlegg som skal ligga utanfor Hågårdsneset på Snilstveitøy. Visningssenteret er truleg det einaste av sitt slag i verda.

Fleire har fått med seg den enorme konstruksjonen under slep på sjøen både fredag og laurdag, og har tipsa Kvinnheringen.

Men då vi kontakta Lamberg Torjusen laurdag heldt han korta tett til brystet, og ville spara flest mogleg detaljar om det unike lakseauget til avdukinga og folkefesten i Rosendal som skal skje den 2. september. Også korleis konstruksjonen ser ut.

Vi fekk han likevel til å røpa litt om operasjonen med å frakta Salmon Eye til lokaliteten Hågårdsneset, som ein del var vitne til:

– Salmon Eye har blitt frakta av slepebåten Bestla på lekteren Carrier 8, og ankom Husnes i går morgon (fredag). Gårsdagen blei brukt til førebuingar for dagens nedsenkingsoperasjon som føregår i Herøysundet. Seinare i dag blir Salmon Eye frakta til lokasjonen sin utenfor Snilstveitøy, opplyser Torjusen.


Dei som ikkje fekk sett lakseauget frå land eller på sjøen fredag eller laurdag må altså smøra seg med tolmod fram til avdukinga.