«Det vil seia at det var ei ferje som kunne gått inn og teke dei to siste avgangene, så dei reisande som skulle vidare hadde kome seg avgårde. Tragisk!»

Av
DEL

MEININGAR ... synest de det var ein flott situasjon me reisande mellom Ranavik og Skjersholmane laurdag kveld?

For det første: Få dykk ei informasjonstavle på kaien med informasjon når det er innstillingar, slik som ein har ved sambandet som går over Boknafjorden.

For det andre, det går to, eg gjentar to, ferjer i sambandet. Det var bare éi, eg gjentar, éi ferje ute av drift grunna problem med lemmen (?).

Det vil seia at det var ei ferje som kunne gått inn og teke dei to siste avgangene, så dei reisande som skulle vidare hadde kome seg avgårde. Tragisk!

Samtidig opplyser de feil på dykkar eigne sider. Eg skulle ringa ferja og høyra om det var håp om å komma seg over. Verken «Hillefjord» eller «Vikingen» var rute A. «Vikingen» går ikkje i ruta lenger heller. Det var jaggu Skyss som hadde rette opplysningar om kva ferje som er i sambandet.

Her kunne de ha løyst det såre enkelt med å ta søsterferja frå kai i staden for, så hadde kveldens to siste avgangar glidd like fint som bryllaupsnatta! Men nei, logistikk og service er ikkje prioritert, følte eg som stod på kaien å måtte googla meg fram til melding om kansellerte avgangar med ein overtrøytt seksåring i bilen.

Handlar det ikkje om å få folk og fe over fjorden?

Heldigvis skulle ikkje me vidare og rekka danskebåten eller fly, trass i at dette var starten på vinterferien. Men det var det nok nokon som skulle i den retning.

Samtidig med alt dette var både sentralbordet dykkar og rutetelefonen 177 stengt for informasjon.

Lars Andreassen

Valevåg

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken