«Dette er ikkje noko Kvinnherad kommune kan styre eller overstyre»

Av
DEL

MEININGAR(Dette brevet er send til kommunestyret via Kvinnherad kommune sin epost, og som lesarbrev i lokalavisene).

Eg måtte le litt – og riste på hovudet for meg sjølv, då eg las i Grenda, at Kommune-direktøren no har innstilt på at kommunen «skal nytte reglane i Husleigelova som rettesnor for utforming av husleigekontraktar». Ja, kva skulle kommunen elles ha nytta ved utleige av bustadar – og kva har kommunen evt. brukt tidlegare, eller har kommunen drive lovbrot? Det ER og BLIR Husleigelova som regulerer forhold kring utleige av bustadar! Det er ikkje noko som Kvinnherad kommune kan styre eller overstyre.

Eg har fleire gonger tidlegare kritisert kommunen sin maktbruk overfor svakstilte personar som leiger kommunale bustadar. Eg har også varsla formelt, om administrasjonen sine brot på politiske vedtak i høve utleige til dei svakstilte. Eit advokatfirma som kommunen engasjerte til å vurdere om det var hald i varselet, skreiv at det var det – og at kommunen berre hadde retta opp delar av det varselet gjaldt, når dei etterkvart innførte kommunal bustøtte.

Nettopp for å verne om den svake parten i avtaleforholdet (leigetakaren) så vart Husleige-lova skjerpa for nokre år sidan. Utleigar (her; kommunen) kan ikkje gjere som dei vil når det gjeld utleige – om dei følgjer lova då…. Samtidig så er det slik at svakstilte leigetakarar ikkje har mogelegheit til sjølv å passe på rettane sine. Som tenesteytar burde det vere kommunen som hjelpte brukar til å sikre desse. M.a. kunne kommunen hjelpt brukar til å få vurdert hjå Husleigetvistutvalet (ref §§12-2 og 12-5 i Husleigelova), dei høge husleigene som administrasjonen har valt å sette – særleg når det gjeld slitne, mugne og nedsarva husvære. Minner vidare også om at Husleigelova har eit eige kapittel som heiter Leieprisvern (Kapittel 4). Og dette understrekar då, at det ikkje er lovleg å krevje urimeleg høg husleige.

Evaluering av Bustadplan 2020

(sak fremja til kommunestyremøtet 2.4.20 – men heldigvis utsett)

Dei siste tre-fire åra har kommunen lagt seg på ei husleigeforvaltning som ikkje er god. Ikkje for brukarane, og eg trur heller ikkje for kommuneøkonomien. M.a. så syner dokumentet Evaluering av Bustadplan 2020 dette. Både forsøk på sal av kommunen sine husvære i burettslag til leigetakar, og «Leige til eige»-prosjektet for vanskelegstilte, vart totalt mislukka. Kvifor? Jau, sannsynlegvis fordi ansvarlege ikkje undersøkte på førehand hjå interne samarbeidspartar (NAV og andre einingar), om dette kunne vere aktuelt- og korleis ein evt. burde går fram. Husleiga i høve «Leige til eige» på 10.000 kroner per månad seier seg sjølv at ein ikkje kan klare, når inntekta ein har ligg på 14.-15.000 kroner. Vidare står det i punkt 1.1 om «leige til eige»; «Dette krev ein grundig gjennomgang av leigetakaren sin personlege økonomi, frå kommunen si side. Dette har vi ikkje eit apparat for i dag.» Når ein veit at inntekta til brukar er som eg skriv over, så skal det ikkje så store gjennomgangen til for å forstå at slike forsøk – det treng ikkje Kvinnherad kommune prøve på.

Heller ikkje bustadane som kommunen har kjøpt inn dei siste åra for vidaresal, har der stått folk i kø for å kjøpe, står det skrive i ovannemnde dokument frå administrasjonen. Husvære har stått tomme i mange år, og framleis er ikkje alle selde. Kva har dette kosta/kva kostar dette kommunen? Og er det naudsynt at kommunen involverer seg i slike prosjekt?

Vidare i det same dokument, pkt. 1.6 første avsnitt, så les eg med glede at Kvinnherad kommune her syner til Regjeringa sin handlingsplan «Bustad for velferd». Kommunen skriv at «Ein må prioritera å kjøpa/bygga husvære til vankelegstilte i etablerte bumiljø. Det er viktig at desse folka/familiane vert integrert i resten av samfunnet, og ikkje blir busett i eigne områder». Eg er svært glad for at Administrasjonen no endeleg har funne fram til dette!

Men så - i same punkt siste avsnitt, så står det om Modulbygga som vart tekne i bruk i 2017, at desse har fungert som dei var tiltenkt. Og då har eg har to spørsmål;

1) Sidan det er ei evaluering som skal gjerast, har ein då evaluert i lag med dei som leiger desse bustadane?

2) Kvifor skal desse bygga vere plasserte i strid med det kommunen sjølv skriv (og som føringane frå Staten seier) om bygging av kommunale bustadar i etablerte bumiljø, om integrering, og om det å ikkje busette vanskelegstilte i eigne buområde?

Nei, kjære Kvinnherad kommune. Konsentrer dykk om dei som treng hjelp frå kommunen.

Gje brukarane verdige buforhold, og høve til å vere deltakar i samfunnet. Og ikkje minst, lat husleiga ha ein sats som det er mogeleg å klare med den låge inntekta dei har. Opprett eit tett samarbeid mellom NAV-sosial og bustadkontoret. Dette samarbeidet må vere godt, og må prioriterast (særleg frå Bustadkontoret si side?) om det skal kunne vere til hjelp for at vanskelegstilte skal kunne bu trygt og godt.

Bustadar til andre enn dei vanskelegstilte, det kan den private marknaden ta seg av.

Uskedalen 16.4.20

Møyfrid Kristoffersen

Sosionom/nyleg AFP-pensjonist


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags