Dette må du vita om influensavaksineringa i haust

Influensavaksineringa startar opp på måndag, og i det høvet inviterte kommuneoverlege Glenn André Opland og leiande helsesjukepleiar Line Steffensen Holmedal til pressekonferanse måndag.

Influensavaksineringa startar opp på måndag, og i det høvet inviterte kommuneoverlege Glenn André Opland og leiande helsesjukepleiar Line Steffensen Holmedal til pressekonferanse måndag. Foto:

Influensavaksineringa står for døra, og er i år om mogleg viktigare enn nokon gong.

DEL


Berre dei som er målgruppa får ta den i første omgang, og flest mogleg vert oppmoda til å ta vaksinen under vaksinasjonsdagane framføre hos fastlegen. Men kvifor er det forskjell i pris alt etter kor ein tar vaksinen? Kor og kva tid skal du møta? Og kva smittevernstiltak må du sjølv bidra med under vaksinedagen?

Helsestyresmaktene fryktar ein tøff sjukdomshaust dersom det hopar seg opp med både influensasjuke og Covid 19-sjuke på éin og same gongen. Derfor er influensavaksinen ekstra høgt prioritert her i landet i år. Den beskyttar ikkje mot koronavirus, men mot ulike typar influensavirus.

Frå måndag av startar vaksinasjonsdagane i Kvinnherad, og i samband med dette kalla kommuneoverlege Glenn André Opland og leiande helsesjukepleiar Line Steffensen Holmedal inn til ein pressekonferanse, slik at dei som skal bli vaksinerte kan komma mest mogleg førebudde til vaksinasjonsdagen.


Etter forbokstav i etternamn

– Helsestasjonane har blitt delegerte oppgåva med å vaksinera, slik at ikkje presset skal bli for stort på fastlegane. Har du allereie time hos fastlegen din, kan du godt ta vaksinen samstundes som du alt er der. Men alle andre vert oppmoda til å stilla på vaksinasjonsdagane, som i år er i kulturhuset på Husnes, i Rosendal samfunnshus, på Hatlestrand skule, på Åkra skule og i sjukeheimsbygget på Varaldsøy. I år må innbyggjarane på Halsnøy reisa til Husnes for å vaksinera seg. Dette er fordi Halsnøy helsesenter ikkje er eigna for vaksinering når det kjem til smittevernomsyn, fortalde Holmedal.

På heimesida til kommunen kan ein sjå kva dagar og tidspunkt det er vaksinering på dei ulike stadane.

– Vi har fordelt dagane etter forbokstaven på etternamn, og ber om at folk stiller når deira forbokstav står for tur. Av smittevernsomsyn ønskjer vi minst mogleg kaos i lokala, og vi vil passa på at ikkje så mange slepp inn i lokala på éin og same gongen. Dersom det blir ventetid, håpar vi at flest mogleg vil venta i bilen, forklarte ho.


Risikogruppene

I tidlegare år har vaksinen vore tilgjengeleg nærast for dei som har vore interessert i den, men i år er den øyremerkt risikogruppene, i første omgang i alle fall. Til desse høyrer alle over 65 år, bebuarar på sjukeheimar og i omsorgsbustadar, samt barn og vaksne med hjarte- og lungelidingar, diabetes, lever- eller nyresvikt, nevrologisk sjukdom, særs alvorleg fedme og svekka immunforsvar (og deira pårørande), i tillegg til gravide i 2. og 3. trimester, pluss gravide i 1. trimester som har kronisk sjukdom eller er helsepersonell.

I tillegg vert enkelte andre grupper oppmoda til å vaksinera seg, som til dømes helsepersonell med pasientkontakt. Dette primært for å beskytta andre.

– Viss det skulle vera nokre restdosar igjen etter vaksineringsrunden, vil det bli mogleg også for andre å vaksinera seg, men då må ein venta til 1. desember. Dette gjeld også ved vaksinering ved apoteka, fortalde kommuneoverlegen.


Prisforskjellar

Holmedal fortalde òg litt om kva smittevernsreglar som gjeld:

– Vi ber om at alle som skal bli vaksinerte, brukar munnbind frå ein kjem til vaksinasjonslokalet og til ein forlet det. Har ein luftvegsinfeksjon eller er i karantene skal ein ikkje møta. Det vil vera viktig å bruka handsprit når ein kjem og når ein går, og halda éin meter avstand til alle. Dessutan skal betaling skje med kort, opplyste Holmedal.

Hos fastlegen kostar vaksinen 50 kroner, og er gratis for dei med frikort, medan den på vaksinedagane kostar 150 kroner, frikort eller ei.

– Det å fastsetja prisen på vaksinasjonsdagene har bydd på ein del hovudbry for oss. Fastlegane har sterke føringar for kva prisen skal vera, og får dekka utgifter knytt til vaksinasjon av HELFO. Oss som har fått delegert oppgåva med vaksinering kjem ikkje inn under same ordninga, så vi har måtta setja ein pris på 150 kroner for å dekka leige av personell, lokale og utstyr. Prisen er lågare enn tidlegare år, men likevel høgare enn hos fastlegen, og det er beklageleg, men det er lite vi får gjort noko med. Vi håpar likevel at folk flest vil nytta vaksinasjonsdagane for å avlasta legekontora, seier Holmedal.

Det er bestilt inn 2.400 vaksinedosar til Kvinnherad, pluss 200 dosar Fluad, som er til dei aller sjukaste.

– I Kvinnherad er det 2.800 personar over 65 år, pluss risikogruppene utanom, så vi håpar og trur dei dosane vi har skal rekka langt. Vi oppmodar alle i risikogruppene til å ta vaksinen, i år meir enn nokon gong, sa Opland.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken