Gå til sidens hovedinnhold

Dette seier kommunen om vaksineringa framover

I eit innlegg på kommunen si Facebook-side står det at det framover vil bli mindre fleksibelt å bestilla seg time for koronavaksinering.

Årsaka er at det byrjar å minka på folk som vil vaksinerast, og at mange no er fullvaksinerte: Totalt vaksinerte over 16 år som har fått 1. dose er oppe i vel 88%, og det er nesten 76% som er fullvaksinerte.

Denne veka, veke 37, vert det berre bestilte timar for vaksinering i Rosendal på torsdag fram til klokka 11.

Det vil veksla mellom vaksinering på Husnes og i Rosendal, stort sett annakvar veke, og nokre veker vert det ikkje vaksinering i det heile tatt, skriv kommunen.

Har du problem med å booka deg time, eller å endra timen, kan du skriva e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no

Førstkommande fredag byrjar kommunen med vaksinering av 12-15-åringar. Dette vert organisert gjennom skulane. Dersom forelder/føresett ynskjer å følgja barnet til vaksinering, kan ein ta kontakt ved å nytta e-post-adressa ovanfor.

Les også

I løpet av dei to komande vekene skal ungdomsskuleelevane i Kvinnherad bli vaksinerte mot covid-19

Kommentarer til denne saken