Etter debuten med Haraball i Naustet i 2007 har Ausekarane reist frå hamn til hamn langs vestlandskysten for å underhalda med show og musikk. Spelelista Ausekarane har attpåtil vore nominert til Spellemannsprisen.
Pinseaftan står Ausekarane på scenen i Kulturhuset Husnes. Bak arrangementet står Omstock Event og Trond Betten. Då Kvinnheringen snakka med Betten i februar, sa han dette om bookinga:
Skulle du av ein eller annan grunn ikkje få til å besøka konserten på Husnes, kjem det nye sjansar til å oppleva bandet seinare i sommar. 18. juli legg dei til med båten Sjøscenen på Varaldsøy, før dei dagen etter ankrar opp i Rosendal.

Les også