– Vi blei sett på som litt galne

Artikkelen er over 2 år gammel

Men Gaute Mehl frå Hatteberg har aldri angra på at han utdanna seg til akupunktør, eit fagfelt han har jobba med sidan.

DEL

FRÅ ARKIVET TIL KVINNHERINGEN6. januar i 1988 intervjua Kvinnheringen Gaute Mehl, som saman med dåverande kommunelege Odd Kvamme nyleg hadde avslutta ei tre års akupunkturutdanning ved Norsk akupunkturskole i Oslo. Dei var det første kullet som blei uteksaminert frå skulen (no Helsehøyskolen Kristiania, avdeling for akupunktur), og med i kullet var legar, fysioterapeutar, kiropraktorar og tannlegar. Sjølv hadde Mehl utdanning som fysioterapeut då han starta ved akupunkturskulen.

– Vi blei sett på som litt galne då vi tok denne utdanninga, for akupunktur blei av mange sett på som reine kvakksalveriet. Men vi var mange som stod på for å få faget akseptert, og i dag er bildet eit heilt anna enn den gongen, seier Mehl då Kvinnheringen ringer han i dag.

– Korleis gjekk det med deg og akupunkturen?

– Eg har halde meg til akupunktur heilt sidan eg var ferdig med utdan-ninga. Eg fekk skikkeleg sansen for faget, og er framleis brennande engasjert i det, seier han.

Mehl flytta til Oslo etter utdanninga, og frå 1990 av og i 25 år framover underviste i akupunktur ved utdanningsinstitusjonen der han sjølv studerte. Han har òg teke utdanning i kinesisk urtemedisin, og vore fast helsespaltist for vekeblada Hjemmet og Allers, i tillegg til å praktisera og halda seg oppdatert på faget.

– Eg og ein kamerat som er lege blei utfordra på å skriva i helsespalter i Hjemmet og Allers, og det har eg gjort i 16 år. Det har vore spennande å få skriva og formidla om helse, og faktum er at gjennom slike vekeblad når ein ut til mange, seier Mehl.

Akupunktur er ein av verdas eldste kjente behandlingsprinsipp, med røter 3.000–4.000 år tilbake i tid. Framleis er faget omdiskutert, og effekten viser sprikande resultat i forskingslitteraturen. Men akupunktur har likevel fått ein heilt annan aksept i den generelle befolkninga i dag enn den gongen då Mehl utdanna seg. I dag vert metoden til ein viss grad òg nytta i det etablerte helsevesenet, til dømes som smertelindring til fødande kvinner.

– Frå den gongen eg tok utdanninga og fram til i dag har det skjedd mykje. Det har vore ei spennande reise, og eg synest eg er heldig som har fått vore ein del av denne, seier akupunktøren.

Artikkeltags