No kan du søkja i Kvinnheringen heilt tilbake til 1973!
Frå arkivet til Kvinnheringen:
Med kamera og blokk reiste dei to Einar Takla (13) frå Rosendal og Tor Morten Fornes (17) frå Husnes til storbyen for å laga reportasjesider om informasjonsmessa UNG 93. Begge to sa før reisa at dei hadde ønskje om å bli journalistar.
Einar Takla som var 13 år i 1993, er no blitt 38 år, og kva er han blitt, journalist.
– Eg hugsar godt denne reportasjereisa til Oslo. Det var første gong eg var i Oslo, og det var ein stor tur for oss. Vi hadde med oss ein veldig flink vegleiar i Geir Remme. Han lærte oss mykje om både om fotografering og journalistikk, og var ein fantastisk ressurs i lokalsamfunnet på Husnes. Han tok og initiativ til ungdoms-redaksjonen i Kvinnheringen, minnest Takla.
Etter arbeidet i ung-redaksjonen fekk Takla meir arbeid i Kvinnheringen, og han arbeidde i avisa i alle feriar fram til han var ferdige med studiane. Men studiane var ikkje journalistikk, det var siviløkonomi-studiar på NHH i Bergen. Etter det søkte han jobb som journalsit i Dagens Næringsliv, og der arbeider Takla framleis som journalist.
– Eg har berre hatt Kvinnheringen og Dagens Næringsliv som arbeidsgjevar, og det er ikkje tvil om at tida i Kvinnheringen gjorde at eg ville bli journalsit. Sjølv utan journalistutdanning, så gjekk det smertefritt å starta i DN, fordi eg hadde jobba så mykje i Kvinnheringen.
I Dagens Næringsliv arbeider Takla i dag som økonomijournalist og skriv om, og skriv mest om norsk og internasjonal økonomi. Det vi kallar makroøkonomi.
– Det handlar mykje om korleis veksten blir i norsk økonomi, mykje om valluttakursar og renteutvikling, forklarar Takla.
Journalisten har vore busett i Oslo sidan 2007, og blir nok verande der.
– Eg kunne nok tenkt meg vestover, men ho eg bur saman med har nok ikkje slike planar, seier Takla.
Av saker han jobba med i Kvinnheringen hugsar Takla spesielt ei sak han skreiv saman Geir K. Hus.
– Vi var på sommarpatrulje i båt og kom over ei Colin Archer skute med alle segla oppe ein dag heilt utan vind. Det viste seg at dei tyske turistane på båten som heitte Tarzan hadde fått motorstopp, og vi brukte vår 17 fots Askeladd og slepte dei til Leirvik, og tittelen på saka vart «Med Tarzan på slep».
Takla minnest og ei framside med Herborg Kråkevik som hadde konsert i Borggarden på Baroniet Rosendal, der Jonn Karl Sætre brukte bildet over heile framsida, med tittelen «Herlege Herborg».
Journalsiten i Oslo følgjer framleis med på kva som skjer i heimkommunen, og er på besøk her så ofte han kan. Seinast denne veka intervjua Takla direktøren i Hydro Svein Richard Brandtzæg, og direktøren kommenterte då den gledelege saka om den planlagde kapasitetsauken på Hydro Husnes.