– Hald kroppen i form

Slik tok Grete Haugen seg ut i trimsenteret i Rosendal for 27 år sidan. I dag held ho kroppen i form med å gå i terrenget når ho klarar det.

Slik tok Grete Haugen seg ut i trimsenteret i Rosendal for 27 år sidan. I dag held ho kroppen i form med å gå i terrenget når ho klarar det.

Artikkelen er over 2 år gammel

27 år etter oppslaget i avisa i 1990, held Grete Haugen fast på at trimming er bra for alle.

DEL

FRÅ ARKIVET TIL KVINNHERINGEN– Dyre treningssenter er heilt unødvendige, så lenge vi er omgitt av flotte turterreng, slår ho fast.

Grete beklagar at ho sjølv ikkje er så ivrig med trening lenger. Det manglar ikkje på vilje eller sjølvdisiplin, men på god helse.

– Dessverre har eg hatt nokre skadar, operasjonar og plager som har hindra meg i fysisk utfalding, og akkurat no er eg nett komen heim frå eit rehabiliteringsopphald. Men eg gjer det eg klarar, fortel ho.

Og «heim», det er i Bergen. Dit flytta rosendalsjenta for 22 år sidan.

Kvinnheradløpet

I alle dei åra Grete budde i Rosendal deltok ho på Kvinnheradløpet i trimklassen. Også seinare har ho vore med nokre gonger.

– Eg joggar ikkje, ei heller konkurrerer. Kroppen min er ikkje laga for det. Eg går, det er det beste for meg, fortel ho.

Anten det er arrangerte løp eller ikkje, held ho fram at alle som bur i Rosendal er så heldige at dei kan halda kroppen i form heile året. Nokre klarar mykje, andre mindre. Det viktigaste er at kvar og ein tilpassar treninga etter eiga fysisk form.

– Bygda er omgitt av så utruleg mange fine turterreng som er heilt gratis å bruka, og som gjer godt på kroppen. Bruk dei! helsar ho blidt på telefon frå Bergen.

Artikkeltags