Ei fortid som viking

Då Odd Kvamme og 10 andre «vikingar» kom til Washington med vikingskipet «Gaia» i 1991, helste mellom andre Dronning Sonja velkomen.

Då Odd Kvamme og 10 andre «vikingar» kom til Washington med vikingskipet «Gaia» i 1991, helste mellom andre Dronning Sonja velkomen.

Artikkelen er over 2 år gammel

Lege Odd Kvamme er ikkje heilt som andre legar. Gjennom åra har han laga seg pusterom som er til å mista pusten av.

DEL

FRÅ ARKIVET TIL KVINNHERINGENEit av pusteromma er omtalt i dagens faksimile og gjekk føre seg i 1991. I fleire veker sigla Kvamme over Atlanterhavet saman med 10 andre i vikingskipet «Gaia», som er kopi av eit gamalt Gokstad-skip. Kursen vart sett for Halifax i Canada, og deretter sørover til mellom anna Washington. Bildet på faksimilen er frå den storslåtte mottakinga skipet og mannskapet fekk i den amerikanske hovudstaden.

Sjølvaste Dronning Sonja stod på kaien for å helsa vinlandsfararane velkomne. Det gjorde òg den islandske presidenten Vigdis Finnbogadottir og tidlegare visepresident i USA, Walter Mondale. Kona Ingebjørg fekk også oppleva dette. Ho var flyboren til staden.

– Ai-ai, bryt Odd Kvamme ut når vi presenterer han for oppslaget vi har funne fram til.

– Dette var frå tida mi som viking!

Vi spør han kva som sit best igjen 26 år seinare. Han nøler ikkje eit sekund med det tredelte svaret:

– Først av alt den fantastiske reisa i kultur og historie. Vi følgde i gamle norske fotspor og kom med det så tett på historia som mogleg. Dernest hadde eg veldig godt av å testa tolegrensene mine om bord i skipet, som alltid var trongt, vått og kaldt. Det er viktig å læra noko om eigne reaksjonar på stress og det å leva tett på andre. Det tredje er å leva tett på naturen, som i dette tilfellet var fleire veker på ope hav. Fantastisk, summerer han opp.

Legen har hatt det med å laga seg pusterom av spesiell art. Vikingferda omtalar han som pusterom nummer ein. I nummer to tok han doktorgrad i Samarbeid og kommunikasjon i helsetenester i 1994. Det kallar eventyraren og ordkunstnaren for «ein akademisk safari». Det tredje pusterommet kom i form av ein periode som distriktslege på Grønland i år 2000.

No for tida pustar han helst ut med jakt og fiske i skog og fjell.

Blir det fleire stunt, mon tru? Ikkje godt å vita kva denne mannen finn på.

Artikkeltags