Framleis perlevener

Artikkelen er over 3 år gammel

For 23 år sidan var Lindy Malene Blokhus Ekeland og Jane Jensen to smilande førsteklassingar i det som den gongen heitte fredagspraten.

DEL

FRÅ ARKIVET TIL KVINNHERINGEN I utgangspunktet var det tenkt som eit skulestartintervju med Jane, men den bestemte sjuåringen tok raskt regien i barndomsheimen på Sandvoll. Av intervjuet går det fram at Jane starta med å kasta mora på dør for å få fred til å bli intervjua. Og etter kort tid ordna ho det slik at bestevenninna og søskenbarnet Lindy fekk vera med.

– Er du framleis like bestemt?

– Eg er nok litt bestemt, ja, ler Jane som no heiter Røyrvik til etternamn og har adresse Sunde.

– Og du og Lindy er framleis gode venninner?

– Ja, me har ungar på same alder og for tida har me barselspermisjon begge to.

– Hugsar du kva intervjuet handla om?

– Me blei vel intervjua om skulestarten. Og eg hugsar at me tok bilde på leikeplassen. Elles hugsar eg ikkje så mykje, seier Jane.

Til dømes kjem det overraskande på henne at dei to perlevennene var temmeleg sjokkerte over dyrehaldet til Kvinnheringen sin utsende. Tenk å ha katt i tre månader utan å gi pusen eit namn! Sjuåringane var mildt sjokkerte, og føreslo «Sussi» og «Seidy» på strak arm.

– Hadde du og Lindy planlagt at du skulle prøva å få henne med i intervjuet?

– Nei, det var berre det at eg syntest det var urettferdig at ho ikkje var med, fortel Jane.

Dermed tør me ikkje anna enn å ta ein prat med Lindy denne gongen òg:

– Hugsar du at du var i avisa for 23 år sidan?

– Ja, det må ha vore «To i første». Eg har sett det seinare – trur mor mi har tatt vare på det. Eg veit ikkje om Jane hadde lagt nokon plan om å tilkalla meg, men ho var ganske bestemt, ja, det er ho enno, ler Lindy som faktisk hugsar tittelen.

Det er så ein gamal bladfyk kan bli heilt rørt.

– Du visste sikkert at Jane skulle ha besøk frå Kvinnheringen: Sat du klar og venta på signal frå Jane?

– Nei, eg trur ikkje det, men me hang tett saman og der den eine var, der var den andre, fortel Lindy, som til liks med Jane har barselspermisjon for tida.

– Me har treft godt med synkroniseringa av barnefødslar. Denne gongen det seks-sju veker mellom fødslane våre, førre gong fire veker. Det er kjekt for oss og kjekt for ungane, seier Lindy som har to ungar – Jane har tre.

Men tilbake til intervjuet for 23 år sidan. Ut frå teksten ser det ut til at jentene tok meir og meir over. Fredagspraten blei avslutta med Lindy sitt spørsmål til bladfyken:

– Skriv de alle dei bokstavane som står i avisa?

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken