Neste onsdag skal Magne Heien lesa dikta sine på Åkrafjordtunet

Magne Heien har mange talent, blant anna diktskriving. På onsdag skal han stå for det kulturelle innslaget på Åkrafjordtunet. (Arkivfoto).

Magne Heien har mange talent, blant anna diktskriving. På onsdag skal han stå for det kulturelle innslaget på Åkrafjordtunet. (Arkivfoto).

Magne Heien frå Utåker skal vera gjest på «Frukost ved fjorden» på Åkrafjordtunet på onsdag.

DEL

Idrettsmann, bonde og tidlegare lærar ved KVV, Magne Heien, har mange talent, og eitt av dei er diktskriving. I 2011 gav han ut diktboka «Gjest», og inspirasjon til dikta hentar han få turar i fjellet for å sjå til sauene sine, og frå jaktopplevingar i heimleg skogsmark. I tillegg gir ulikt gardsarbeid groe til diktskriving.

Førstkommande onsdag er Heien gjest på Åkrafjordtunet der han står for det kulturelle innslaget på arrangementet «Frukost ved fjorden». Heien tar også flotte bilde på turane sine. Her er eitt av dikta frå boka hans med same tittel:

Gjest

Her inne i fjellet
er du berre ein gjest

Dei som bur her
følgjer deg med augo sine

den vesle stien, bekkane og steinane
den bratte grasbakken
dei høge fjellsidene, elva og vatnet

fuglane og dyra
er husfolket her
trø audmjukt inn over dørstokken

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags