«La oss slakta ei bedrift»

Av
DEL

MEININGARLa oss slakta ei bedrift

og fortelja kor dyre dei er i drift.

La oss fortelja kor lite effektive dei er

og om dei altfor høge leiarlønningane her.

La oss fortelja kor ueigna dei er til å få nettet digitalisert

og kor trege dei er til å få skadar reparert.

La oss fortelja kor ueigna dei er til å møta styresmaktene sine krav

og kor mange som må gå av.

La oss fortelja kor altfor høg nettleiga er

og kor låg den blir om salet skjer.

La oss fortelja kor mykje du vil spara ved å selja

og kor lett det er å velja.

La oss fortelja at me ikkje har noko val

og at det er på høg tid med sal.

La oss fortelja at me igjen skal få aksjar i SKL

og eigarskap i vassrettane i våre fjell.

La oss fortelja at dei store har betre beredskap

og at samarbeid med Hardanger berre er tap.

La oss fortelja kor grønt det skal bli ved å fusjonera

og til og med fjernvarme vurdera.

La oss fortelja kor mange nye arbeidsplassar me får ved fusjon

med Kvinnherad og Bergen i union.

La oss fortelja kor mykje høgare utbytet då vil bli

men ikkje at den store gjelda blir kommunen si.

La oss hyra ein nøytral advokat.

La oss så hyra ein heilt nøytral advokat.

La opposisjonen sjølve betala for ein kjøpt advokat.

La oss fortelja kor meiningslause vedtektene er.

La oss fortelja at det berre er ei stemme her.

La oss slakta ei bedrift som i hundre år har vore mi og di.

La oss slakta Kvinnherad Energi.

Eller er det enno tid...

Håkon Røstbø

Artikkeltags