Gå til sidens hovedinnhold

Opnar Tinghuset for alle som vil sjå

Artikkelen er over 2 år gammel

Førstkommande søndag står det gamle Tinghuset og Fruktlageret i Vikjo i Dimmelsvik ope for alle som vi ta turen innom.

Anita og Dag Gaasand frå Os kjøpte eigedomen for omtrent ti år sidan, den gong for å ha ei hytte ved sjøen. Dei enda opp med 400 kvadratmeter «galskap», og er no endeleg komne i mål med den enorme restaureringa av bygget frå 1800-talet. I sommar laga Kvinnheringen ein reportasje om det historiske bygget.

– Etter fleire års arbeid med rehabilitering og oppussing, kan vi no invitera kvinnheringar og andre til å sjå dei tradisjonsrike bygningane, skriv dei i ei pressemelding.

Fruktlageret er omgjort til eit atelier, der Anita arbeider med maleri og tekstilt kunsthandverk. Arbeida hennar vil bli presenterte både i Tinghuset og i Fruktlageret på søndag, så kvinnheringar og andre interesserte som tek turen innom har dermed ei dobbel kulturoppleving i vente.

Kommentarer til denne saken