Ikkje alvorlege personskader

(Mobilfoto: Håvard Røyrvik).

(Mobilfoto: Håvard Røyrvik).

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein varebil og ein Tide minibuss var involvert i ei trafikkulukke onsdag like før klokka 15.30.

DEL

Det meldte 110 Hordaland og Politiet i Hordaland på Twitter. Klokka 15.45 var naudetatane framme på staden.

Dei to køyretøya kom borti kvarandre i 80-sona ved Ljosneslia, og éin person fekk mindre kuttskader i ansiktet. Elles er det ikkje meldt om andre alvorlege personskader, fortel politiet sin operasjonssentral til Kvinnheringen.

Begge køyretøya vart frakta vekk frå staden, og ved 16.30-tida gjekk trafikken som normalt.

Artikkeltags