Amedia har lansert ein ny versjon av Direktesport-plattforma i sine meir enn 100 aviser før årets fotballsesong, samstundes freistar dei med rekordmange direktesende kampar.

«– Vi lovar våre fotballfrelste lesarar fantastiske opplevingar gjennom heile sesongen», seier nyhendedirektør Jostein Larsen Østring i Amedia i ei pressemelding.

Mykje fotball

Gjennom sesongen som blir sparka i gang 10. april, vil Amedia sine aviser visa 75 kampar frå Eliteserien, alle kampar frå Obosligaen, PostNord-ligaen, Norsk Tipping-ligaen og dei fleste kampane i NM Cup for menn til og med semifinalane.

«– Den omfattande satsinga vår i 2023-sesongen skjer med bakgrunn i det langsiktige partnarskapet mellom Amedia og TV 2 som blei inngått for eit år sidan. Med Amedia sitt lokale nærvære over heile landet, vil ingen kunna vera tettare på lokalfotballen enn avisene våre, og vi lovar å levera nerven, engasjementet og dramatikken til det som utspelar seg på fotballarenaer rundt om i Norge. Vi i Amedia er stolte over å kunna tilby våre lesarar eit så omfattande tilbod av direktesendt sport som vi gjer no», seier Larsen Østring.

Behov

For å få sett alle kampane på Direktesport, må du frå komande sesong ha totalabonnementet +ALT.

«– Direktesendt sport og utviklinga av eit stadig større innhaldstilbod for +ALT-abonnentar er viktige element i Amedia sin overordna strategi for å vinna kampen om folk si tid. Avisene våre jobbar knallhardt kvar dag for å fylla den viktige rolla dei har i folk sine liv. For å fylla den rolla, er det avgjerande å utvikla seg i takt med folk sine behov og forventingar», seier Larsen Østring.