Send oss info om ditt arrangement!

Skal du arrangera noko, eller var du på eit hyggjeleg arrangement i helga? Eller har du kanskje nyleg delteke på eit stort idrettsstemne? Del det gjerne med oss! Her frå Sundesprell i 2018.

Skal du arrangera noko, eller var du på eit hyggjeleg arrangement i helga? Eller har du kanskje nyleg delteke på eit stort idrettsstemne? Del det gjerne med oss! Her frå Sundesprell i 2018.

Av
DEL


VIKTIG: Hugs å oppgi namn på fotograf eller den som har opphavsrett til bilda. Og sjekk alltid med den som har opphavsrett og ein kan bruka bilde.

Redaksjonen i Kvinnheringen får ofte spørsmål om vi kan skriva om ulike arrangement, enten som førehandsomtale eller i etterkant (redaksjonell omtale – ikkje annonse).

Vi har dessverre ikkje kapasitet til å gjera dette. Så for å gjera det lettare for både oss og arrangørar, ber vi dei som ønsker denne typen omtale om å legga inn informasjon og eventuelle bilde via den blå boksen nedst på denne sida.

Klikk deg inn og bidra til Ditt Kvinnherad! Alt du treng å gjera er å skriva ein kort tekst og legga ved eit hyggjeleg bilde.

Avslutt med «Send inn tekst» og bidraget ditt vil dukka opp hos oss.

Alle arrangementa vil på denne måten bli samla på ei felles side med tittelen «Ditt Kvinnherad» på Kvinnheringen.no, slik at det òg blir lett for lesarane våre å finna det på éin plass. Nokre av arrangementa vil også kunna komma på trykk i papiravisa vår, slik som før. Alle innsende bidrag vil bli korrekturlest og redigert av oss i redaksjonen.

Hugs at du ikkje kan ha med klokkeslett eller info om billettsal i teksten, då dette er i strid med tekstreklameplakaten (omtale på redaksjonell plass skal ikkje minna om reklame). Vil du ha dette med må du betala for annonse.


Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags