Myrane barnehage feira 20 år

20 år: Myrane barnehage på Husnes opna i 1999. Nyleg vart 20-årsjubileet feira med fest for born, foreldre og tilsette. (Privat foto).

20 år: Myrane barnehage på Husnes opna i 1999. Nyleg vart 20-årsjubileet feira med fest for born, foreldre og tilsette. (Privat foto).

Av
DEL

Ditt KvinnheradHausten 1999 vart Myrane barnehage høgtideleg opna med snorklypp av dåverande ordførar Aksel Kloster.

Såleis vart barnehagen 20 år i august/september 2019. Feiringa vart av ulike grunnar utsett til no, den 10. januar. Av dei som starta i jobb her i 99 er det framleis tre personar som endå jobbar her.

Dagen vart feira for store og små med ny snorklypp – utført av ein av dei tilsette. Bodil byrja her i 99 og var då fire år! Det var veldig kjekt og naturleg at ho som no snart er 25 år kunne klippa snora til opninga av festen.

Både barnehagen, borna og personalet var pynta til fest. Den raude løparen var lagt ut i inngangen. Me hadde samling for alle, der det var song og talar. Etter samlinga var det delt ut stetteglas med champagnebrus til alle. Deretter vart det servert middag, før foreldre og familiane kom og fekk kaffi og kaker.

Ei høgtidelig feiring og markering med gamle og nye minne for store og små! Tusen takk til alle som deltok på 20-årsfeiringa.

Lars Magnar Kaldestad

Einingsleiar/styrar


Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags