Søndag blir denne flotte modellen overrekt i gåve til Holmedal kyrkje

Av
DEL

DITTKVINNHERADI kommunen vår har me kyrkjer med svært ulik alder. Og nokre stader har det stått kyrkjer før dei noverande. Me har fleire døme på at når ei kyrkje vart for lita eller for dårleg, så vart det aktuelt å byggja ny kyrkje på ein anna stad i bygda. Det førte sjølvsagt til usemje og strid. (Lokaliseringsdebattar er ikkje noko nytt). Bygginga av noverande Husnes kyrkje er eitt døme.

Ei anna flytting som me kjenner til, er flyttinga av Holmedal kyrkje frå garden Holmedal og ut til Utåker der kyrkja står i dag. Det har stått fleire kyrkjer i Holmedal, og den første me veit om er den nemnde, som er frå 1300-talet. Den kyrkja finst det faktisk ein modell av, laga av Elisabeth Holmedal Nesøy som har studert gamle nedteikningar om denne kyrkja. Modellen vart vist fram på «gamal kyrkjesundag» i 2018, og no vil bygdelaget gi modellen i gåve til kyrkja og soknerådet.

Frå før finst det i den noverande kyrkjy fleire gamle ting frå tidlegare kyrkjer: Altarbilete, tavler med namn, restane av ein døypefont, ein gamal bibel osb. Tanken er at kyrkjemodellen og andre ting frå dei gamle kyrkjene skal vera i kyrkja slik at alle kan sjå dei, og det vert ei synleggjering og ei påminning om den lange historia til kyrkja i lokalsamfunnet.

I samband med gudstenesta i Holmedal førstkomande sundag vert modellen overrekt til soknerådet. Det vert kyrkjekaffi etter gudstenesta. Vel møtt!

Reidar Ådnanes

Sokneprest i Husnes og Holmedal

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags