Inviterer til Løveleikane

Søndag 16. juni går dei tredje Løveleikane av stabelen på Husnes. Her frå idrettsstemnet i fjor. (Arkivfoto).

Søndag 16. juni går dei tredje Løveleikane av stabelen på Husnes. Her frå idrettsstemnet i fjor. (Arkivfoto).

Av

Lionsklubbane Kvinnherad, Halsnøy, Stord og Fitjar og Il Trio går igjen saman om dei årlege Løveleikane.

DEL

– Vi vil gjerne invitera deltakarar frå vårt distrikt til Løveleikane. Dersom de veit om nokon som kan ha glede av eit slikt arrangement, blir vi glade om de formidlar denne invitasjonen vidare til dei, heiter det i invitasjonen frå arrangørane.

Løveleikane er eit friidrettsstemne med leikar for barn, ungdom og vaksne med funksjonshemmingar.

Arrangementet går av stabelen i Husnes idrettspark søndag 16. juni og Il Trio er teknisk arrangør.

– Deltakarane kan kjempa i løp, kast og hopp på ulike måtar. Dette håpar vi vert ein dag med mykje idrettsglede. Vi trur det blir ein gladdag som vil gje deltakarane mykje glede og som dei vil minnast lenge, står det i pressemeldinga.


Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags