Kulturskulen inviterer til sommarkonsertar

Neste veke kan du sjå dei flinke kulturskule-elevane i aksjon på Husnes og i Rosendal. Her ser du eit strykeorkester på ein sommarkonsert på Husnes i 2016. (Arkivfoto).

Neste veke kan du sjå dei flinke kulturskule-elevane i aksjon på Husnes og i Rosendal. Her ser du eit strykeorkester på ein sommarkonsert på Husnes i 2016. (Arkivfoto). Foto:

Av
DEL

Neste veke inviterer Kvinnherad kulturskule til dei store sommarkonsertane sine.

Måndag kveld skal elevane opptre i konsertsalen på Husnes. På denne konserten er det gratis inngang, og publikum får høyra både gitar, trommer, fløyte, piano og fiolin.

Tysdag kveld blir det stor konsert i kinosalen på Husnes. Her blir det eit spennande og variert program med både rockeband, marimba, song, orkester, fiolin, gitar, trommer og piano.

Onsdagen er det klart for sommarkonsert i Rosendal samfunnshus. Elevane gler seg til å opptre, og dei førebur seg no på piano, fiolin, cello, song, gitar trommer og rockeband.

Elevar og lærarar i kulturskulen ønskjer alle hjarteleg velkomne for å høyra på.

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags