Påskefest med Gunslingers på Dønhaug

Frå då Gunslingers vitja Dønhauglåven i august.

Frå då Gunslingers vitja Dønhauglåven i august. Foto:

Av
DEL

Ditt Kvinnherad:

Onsdag 17. april kjem Gunslingers tilbake til Dønhaug i Uskedalen for sjuande gong for å stå for musikken på låven.

Gunslingers har turnert over 10 år rundt i Norges land for utselde hus, og dei siste åra som headliner-band for fleire av dei største festivalane i landet. I 2018 kom bandet med sitt sjette album, og har mellom 20-30.000 streams dagleg på Spotify, noko svært få norske band kan konkurrera mot.

Gunslingers er eit svært godt liveband med eit solid sceneshow som passar perfekt til ein låvefest. Kvar gong Hardanger-bandet har vitja Dønhauglåven har dei skapt stor stemning med høg allsongfaktor og samla full låve. Dei siste åra har alle billettar vore utselde på førehand.

Billettar vert berre selde på nett, og det vert sett opp bussar både til ytre og indre luten av kommunen etter at arrangementet er slutt. Dei som skal nytta seg av bussane må betala bussbilletten med kontantar, ikkje kort eller skyss app.

Bandet består av:

Frode Måkestad (vokal, gitar og låtskrivar)

Frode Andreassen (trommer)

Jostein Fonnes (bass)

Dan Mikal Ripe Frøystad (pedalsteel)

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags