Strykeelevar frå Kvinnherad på Kjempeseminaret på Stord

Orkester 2 er i gang med øving med Olena Pasichnyk.

Orkester 2 er i gang med øving med Olena Pasichnyk.

Av

Kjempeseminar for strykarane i kulturskulen.

DEL


Ditt Kvinnherad:

Sjå fleire bilde nedst i saka!

På laurdag var det storseminar for kulturskulen sine strykarelevar. Orkester 2 og 3 frå Kvinnherad reiste tidleg med båten til Stord for å øva saman med mange andre kulturskuleelevar frå kulturskulane på Leirvik og Bømlo. I kulturhuset vart det mange kjekke timar, med øving, leik og gode pausar med mat og enno meir leik.

Foreldra til kulturskuleelevane frå Stord hadde ansvar for å halda seminardeltakarane mette og gode, noko dei klarte med glans. Fruktfat, bollar og kaker vart godt motteke av dei unge fiolinistane og cellistane.

Storseminaret vart avslutta med ein gratiskonsert i den store konsertsalen i kulturhuset. Der framførte orkester 2 fleire nummer dei har øvd på i år, før dei mest røynde strykarelevane framførte sine orkesterstykke. På avslutningsnummeret var scena fylt med alle kulturskuleelevane, og sjølv om det var laurdag, mana dei fram søndagsfølelsen med nummeret «Sunday walk».

Då applausen var stilna var storseminaret slutt, kunne elevane frå Kvinnherad reisa smilande attende med båten. Kvinnherad kulturskule fekk til sist ei oppfordring om å skipa til neste storseminar, ei hending som har blitt gjennomført med eitt eller to års mellomrom dei siste åra.


Instruktørar: Olena Pasichnyk, Kjell Skalrsjord og Yuko Shuto.


Orkester 2: Astrid Kroka Raudstein, Adalheidur Sigthorsdottir, Ellinor Skeie,

Hedda Nilsen – Nygaard, Kaylah Stensletten, Lina Sofie Dommersnes, Maren Smaamo,

Mina Wangensten Vetrhus, Nora Røssland, Silje Landa, Turid Helene Vigrestad


Orkester 3: Belinda Øvstebø, Svein Nordli, Dagny Kroka Raudstein, Deimante Zemaitaityte, Elias Ulbi, Ellen Marie Vigrestad, Erika Skaare – Fatland, Hanna Eikeland, Hanna Rød, Ine Fu Di Farestveit, Joa Saghaug Kroka, Julie Nielsen, Magnus Henriksen.

Av Olena Pasichnyk,

Fiolinlærer Kvinnherad kulturskule.

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags