Oppfordring frå engasjerte 7. klassingar: Ta vare på miljøet!

7.-trinn på Undarheim skule, i lag med alt bosset dei fant.

7.-trinn på Undarheim skule, i lag med alt bosset dei fant. Foto:

Av
DEL

Ditt Kvinnherad: 7. Klasse ved Undarheim skule hadde torsdag føremiddag ein konkurranse om å samla mest boss. A-klassen på nedsida av vegen, og B-klassen på oppsida. Me begrensa området, og plukka frå rundkøyringa ved Undarheim skule og bort til parkeringa ved KVV.

Elevane var sjokka over resultatet! Me samla heile 23 posar av dei svarte store bossekkane.

Lærarane var redde for at dei hadde teke seg "vann over hodet", og lurte på kor dei skulle gjere av alt avfallet. Me ringde SIM, og dei hadde eit tilbod på nett, der me enkelt registrerte oss på "rydding i nærmiljøet". SIM kjem no og hentar avfallet gratis! Dette kan alle gjera, og elevane på 7.-trinnet håpar folk tek i eit tak.

Karina Sjo, stolt kontaktlærar

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags