Musikkshow med Linda Fosse på Halsnøy samfunnshus

Linda Fosse bilde tatt av helge aspevik

Linda Fosse bilde tatt av helge aspevik Foto:

Av
DEL

Innsendt«Kortid, visst ikkje no?» er eit musikkshow av og med Linda Fosse. Showet hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen i 2014, og har seinare vore spelt på mellom anna Ole Bull Teater, også i Bergen. Laurdag kveld kjem Fosse til Halsnøy samfunnshus.

Showet handlar om den evige kampen mellom «super power»-stemma på den eine skuldra som seier:

–JA! Gå for draumen din! Kortid skal du gjera da, visst ikkje no? Du er god nok!

og den andre stemma, «jante-stemma», som seier:

– Nei, no må du gje deg! No drit du deg ut! Kva vil ikkje naboane seia?

Kva stemme vågar vi å lytta til?

Her er det duka for mykje humor, litt alvor, inspirerande tekstar og gode vokalprestasjonar, melder samfunnshuset i ei pressemelding.

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags