Dei unge sjåførane i Kvinnherad Olabilklubb gjorde det bra i «Våland Down» i Stavanger

Av
DEL

InnsendtTidleg søndag morgon våkna leiren til liv. Sju forventningsfulle og unge olabilsjåførar kika spent ut vindauga på hyttene. Sola gløtta fram gjennom eit tynt skylag. Gutane såg letta på kvarandre. Endeleg skulle dei få prøva seg på eit ekte olabilløp! Lars og Halvard hadde køyrt løp før, så dei hadde mange tips å gi dei yngre gutane. Yngstemann Leon (8), var veldig spent på korleis dette ville gå. Kvelden i forvegen hadde dei vore og prøvekøyrt løypa fleire gonger, men det hadde enda med krasj i kvart løp for Leon.

Lars og Halvard hadde vore ekstra uheldige og greidd å krasja olabilane sine såpass at dei ikkje var køyrbare til dagens løp. Heldigvis hadde dei gode kompisane Felix og Eirik tilbydd dei å låna deira bilar til løpet, men etter at dei sjølve hadde køyrt. Dei ville sjølvsagt ikkje risikera at dei krasja deira bilar òg slik at dei ikkje fekk køyrt løp!

Heilt siden starten av februar hadde gjengen halde på med å bygga bilane. «Big Boss» Eirik Kvåle hadde full kustus på gjengen då dei sveisa saman bilrammene. Alle bilane blei bygde med same konstruksjon, men skulle utrustast med individuelle karosseri, etter eigne idear.

Då det nærma seg dagen for avreise til Stavanger og «Våland Down»-racet, blei det hektisk aktivitet. Leon og Eirik fekk dårleg med tid. Leon fekk så vidt klar bilen til ein prøvetur, medan det for Eirik stod om timar. Heldigvis smatt dei siste skruene inn i karosseriet før vi laurdag føremiddag tok av garde til ferjekaien på Utåker. Fem bilar med tilhengarar fullasta med olabiler, sjåførar, foreldre, søsken og endåtil eit par utskremde besteforeldre, utgjorde reisefølget på om lag 20 personar.

I fem-tida laurdag ettermiddag rulla Kvinnherad Olabilklubb kortesjen inn under bommen inn til Mosvatnet Camping i Stavanger. Ideell base for klubben for løpet som skulle finna stad neste dag, berre ein kilometer frå Vålandtoppen som var startstad for løpet. Fem firemannshytter blei innvadert og etablert.

Mat blei handla, og grillen blei fyrt opp. Pølser og burgarar gjekk ned på høgkant før det bar av garde til Våland Down-løypa.

Gutta syntest løypa såg skummel ut, men heldigvis hadde dei trua på at bremsene skulle gi dei tryggleik til dei blei varm i trøya og kunne sleppa «føll-kreftene» laus i olabilane.

Løpsdagen blei ein fest frå start til slutt. Det må ha vore eit tusentals tilskodarar som omkransa løypa under løpet. Storskjerm var montert og fleire kamera dekka heile løypa, slik at publikum kunne følgja heile løpet på storskjerm. Flest tilskodarar var det nedst i løypa, kor det erfaringsmessig var mest hendingar (les: krasj) under løpet.

Mykje folk i løypa på Våland Down i Stavanger i helga som var.

Mykje folk i løypa på Våland Down i Stavanger i helga som var. Foto:

Totalt var det 35 deltakarar i løpet, og det var fantastisk å sjå kor mykje arbeid som var lagt ned i eit fantastisk utval av olabilar.

Speaker annonserte bilane ut frå start, og følgde bilane med kommentarar ned gjennom løypa. Løpstida blei kunngjort rett etter målgang.

Året i forvegen hadde det for første gong blitt registrert tid under 60 sekund. I årets løp blei det ei svært spennande oppleving å følgja bilane etter kvart som dei køyrte. Fleire av sjåførane greidde å pressa seg under 60 sekund, og det var stor spenning om plasseringane. Alle deltakarane fekk premie samt ein sekk fylt med spennande ting.

Då pokalane blei delt ut til ulike kategorier og for dei tre raskaste bilane, viste det seg at Kvinnherad Olabilklubb tok både 2. og 3. plassen i løpet. Og ikkje nok med det: På dei neste plassane kom det bilar frå Kvinnherad Olabilklubb på 4., 6. og 8. plass. Fantastisk! Gjett om gutane er motiverte til å satsa vidare på Formula Young Prix løp!

Resultatliste :

2. Eirik (14): 52,3 sek

3. Halvard (13): 54,4 sek.

4. Jonas (13): 54,8 sek

6. Anna (12): 55,3 sek

8. Felix Emil (10): 57,0 sek

23. Leon (8): 74,2 sek (med full krasj og stopp)

27. Lars (15): 102,1 sek (med full krasj og stopp)

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags